Kontaktinfo
HORDALAND FOLKEMUSIKKLAG
Telefon: 90844662
Epost:
Styremøte 1-2018
Styremøte HFL 14.02.18
Oppmøte:
Silje Solberg, Åsviv Kvåle-Reigstad, Irene Bjørke (alle via Skype).
Saksliste
1. Årsmøtepapir
Styret gjekk gjennom årsmeldinga for 2017 og arbeidsprogrammet for 2018. Dette vil verte sendt ut saman med innkalling til årsmøte. Rekneskapen for 2017 og budsjettet for 2018 er ikkje heilt klart enno. Rekneskap vil verte sendt til revisor så snart han føreligg, og revidert rekneskap og budsjett vil verte lagt fram på årsmøtet 17. mars.
2. Nye vedtekter til Hordakappleiken/Hordamønstringa
Styret diskuterte utkast til nye vedtekter for Hordakappleiken/Hordamønstringa i tråd med årsmøtevedtaket i 2017. Utkast for nye vedtekter vert lagt fram på høyring på årsmøtet 17. mars, der lokallaga skal kome med innspel på innhaldet og vegen vidare.
3. Tilskotsrunde 1/2018
Det var kome inn mange gode søknadar, og styret skulle gjerne ynskje ein hadde meir å gje i tilskot til folkemusikk- og folkedanstiltak i fylket. I denne runden valte ein å gje tilsegn til følgjande prosjekt:
Rekrutteringsprosjekt |
Osterøy spel- og dansarlag |
15000 |
||
Dansens dagar |
Folkedans i Hordaland (Hardingfela.no) |
3000 |
||
Kurs i rundom |
Bergen ungdomslag Ervingen |
4000 |
4. Framtida ved fylkessamanslåinga
Leiar har vore i møte saman med Sogn og Fjordane folkemusikklag, Hardingfela.no og Voss og Hardanger museum. Der diskuterte ein framtida til folkemusikkinstitusjonane og –organisasjonane med tanke på den komande fylkessamanslåinga i 2020. Sogn og Fjordane folkemusikklag og HFL vil freiste å ha eit eige møte for berre områdelaga, der ein kan diskutera nærare kva laga skal gjere og korleis ein ser for seg at folkemusikkarbeidet vert fordelt. Møtet er planlagt å gjennomførast på Skype måndag 19. feb. Silje og Irene stiller for HFL.
Referent: Irene Bjørke