Styremøte 1-2019

Styremøte HFL 19. februar 2019

 

Sakliste:

1. Utdelingsrunde 1/2019

Kurs i Sunnfjordslåttar

Bergen ungdomslag Ervingen

3000

Folkemusikkhelg på Osterøy

Osterøy spel- og dansarlag og Osterøybelgen

3000

Kurs i runddansteknikk

Bergen ungdomslag Ervingen

3000

Danseførestilling

Bergen ungdomslag Ervingen

5000

UngOsa

Osafestivalen

8000

Dansens dagar

Folkedans i Hordaland m.fl.

3000


2. Årsmøtepapir

- Innkalling er sendt ut til lokallaga og FolkOrg er orientert.

- Møterom er booka på Oseana 23. mars. Os spelemannslag har òg ordna med lett bevertning (kaffe + frukt).

- Årsmelding 2018 er ferdig.

- Arbeidsprogram 2019 er ferdig.

- Rekneskapen 2018 jobbar kasserar med. Rekneskapen må tidsnok inn til revisorar. Rekneskap vert delt ut på årsmøtet.

- Budsjett 2019 og 2020: Irene forhøyrer seg med fylket korleis mekanismane for tildeling og stønad vil fungere no når ein søker Vestland fylkeskommune. Set opp budsjettrammer utifrå potensiell auka driftsstønad. 

- Alexander Røynstrand kan ikkje vera med på årsmøtet – han spør Solgunn Flaktveit og Ole Gjerde om ein av dei kan steppe inn for han på møtet.
 

3. Kartlegging av konsertverksemd for FOLKORG

E-post frå Øyvind Sandum til alle lokallag ang. kartlegging av konsertverksemd i lokallaga mtp forhandling om ny TONO-avtale. Irene vidaresender til laga som ei påminning fordi TONO er viktig.
 

4. Ymse

- Møte på Voss ang. fylkessamanslåinga. Alexander stilte for HFL. Det vart etablert eit arbeidsutval som skal jobbe vidare med kartlegging og samordning. Referat frå møtet er sendt ut til dei involverte aktørane.

- Spørsmål frå Hordakappleiken ang. aldersgrense på C-klasse. Her følgjer ein tevlingsreglementet til FolkOrg rigid: born under 12 får ikkje delta i C-klassen, men er oppmoda om å stille på sjokoladekappleik.

- Kundeerklæringsskjema frå Fana sparebank. Silje melder inn adresseendring til banken, og Irene ordnar med signering av kundeerklæringsskjemaet.