Styremøte 2-2018

Styremøte i Hordaland Folkemusikklag 08.05.2018

 

Frammøte:

Irene Bjørke, Silje Solberg, Alexander Aga Røynstrand


Sak 1: Konstituering av styret

  1. 1)  Val av kasserar: Silje Solberg
    Skrivar: Alexander Aga Røynstrand Nestleiar: Alexander Aga Røynstrand

  2. 2)  Alexander tek over styringa av nettsida. Sjå mappe på dropbox som heiter praktisk info. Irene sender forklaring på bruk av nettsida etter kvart.
    Legg ut referat på nettsida og send til varamedlemmar.

  3. 3)  Silje ynskjer å lage ei ny mappe til laget då eigar av noverande mappe ikkje er involvert i laget lenger.
     

Sak 2: Oppfølging av løyvingar/rapportar

1) Det har ikkje kome nokre søknader til handsaming i denne omgang. Irene har sjekka kva som har vorte fylgt opp kring tidlegare søknader. Saknar nokre rapportar i samband med tidlegare innvilga søknadar. Irene følgjer opp dette.
 

Sak 3: Orientering frå budsjettmøte med fylket

  1. 1)  Irene orienterer frå budsjettmøtet med fylket. Dette var eit positivt møte og det kom fram at det finst moglegheiter for å søkje om meir pengar. Dette kan vera svært aktuelt med tanke på prosjektet ”Bygda dansar” i Hordaland.

  2. 2)  Det vart snakka om korleis ein skal organisere seg etter samanslåinga med Sogn og fjordane med tanke på dei ulike måtane å organisera seg på i dei to ulike fylka i dag. Dette veit ein ikkje sikkert endå, men me er velkomne til å koma med innspel og tankar.

  3. 3)  Det er stor sjanse for å få ekstra midlar om ein søkjer spesifikt til interkommunale prosjekt for born og unge då det er få som søkjer om desse midlane. Fylket tykkjer det ville vore positivt om HFL kunne fungere som eit mellomledd og godkjenne prosjekt som interkommunale og viktige for heile fylket.
     

Sak 4: Prosjekt ”Lokallaget mitt” hjå folkedans i Hordaland

  1. 1)  Det vart snakka om eit nytt prosjekt som vert kalla ”Lokallaget mitt”. Her er målet å få tent folkedansentusiasmen, fyrst og fremst på stader der ein ikkje allereie har eit visst folkedansmiljø. Her vil ein nytte seg av nøkkelpersonar til å setje i gang øvingar og prosjekt. Her er det sendt søknad til FolkOrg og rekrutteringsmidlar.

  2. 2)  Bygda dansar-ambassadør. I løpet av prosjektet og etter prosjektet.

  3. 3)  Folkedanssalong i Lindås. Her skal ein ta opp Bygda dansar, EVU-kurs og alle andre tiltak og prosjekt som er planlagt i samband med folkedans.
     

Sak 5: EVU-kurs ”Innføring i norsk folkedans”

1) Hardingfela.no i samarbeid med Ole Bull Akademiet og NTNU i Trondheim vil få i gang ei etterutdanning med innføring i norsk folkedans. Dei satsar på å halda fyrste samling i løpet av november og fortsetje med ei studiesamling på vårsemesteret.
 

Sak 6: Dommarar til Vestlandskappleiken

  1. 1)  Me må finne ut kva klassar dei skal ha og kor mange dommarar dei ser for seg at dei treng. Alexander tek kontakt med Voss Spelemannslag.

  2. 2)  Vidare må me skaffe dommarar.

  3. 3)  Det vil vera ein fordel å finne dommarar som kan døme i fleire klassar.
     

Sak 7: Hordakappleik 2019

1) Det er forslag om å spørja Os Spelemannslag om å halda Hordakappleiken. Irene sender ein førespurnad.
 

Sak 8: Nytt møte med Sogn og Fjordane folkemusikklag?

1) Irene og Silje har hatt møte med Sogn og Fjordane angåande framtida etter samanslåing. Det vart då avtalt å halde møte kvar for seg med kvar sine fylker og deretter ta eit nytt møte. Det er forslag om å få til eit slikt møte til hausten att. Irene sender ein e-post og formidlar dette.
 

Sak 9: Ymse

  1. 1)  Det er forslag om å sende ut referat frå styremøta til dei ulike leiarane i spelemannslaga i fylket.

  2. 2)  Osterøy spel- og dansarlag, Audhilds, Fjellbekken, Hardanger Spelemannslag, Voss Spelemannslag, Kvinnherad, Kvemmingen spel- og dansarlag, Felesusen, Nordhordland spel- og dansarlag, Bygdedanslaget i Bjørgvin.

 

Referent: Alexander Aga Røynstrand