Kontaktinfo
HORDALAND FOLKEMUSIKKLAG
Telefon: 90844662
Epost:
Styremøte 3-2018
Styremøte HFL 07. august 2018
Oppmøte:
Silje Solberg, Irene Bjørke
Sakliste
1. Tildelingsrunde 03/2018
Følgjande søknadar fekk tilslag i denne runden:
Juniorsamling 2018 | Nordhordland spel- og dansarlag | 15 000 |
Kurs i springar | Bergen ungdomslag Ervingen | 5 000 |
Spelkurs | Bergen ungdomslag Ervingen | 5 000 |
Stordanskveld | Bergen ungdomslag Ervingen | 3 000 |
2. Dommarar Vestlandskappleiken 2018
Styret er i full gang med arbeidet med å skaffa dommarar til Vestlandskappleiken på Voss 26.-27. oktober 2018. Sogn og Fjordane folkemusikklag er òg i gang med å finna dommarar frå deira fylke til kappleiken.
3. Hordakappleiken 2019 på Os
Os spelemannslag har teke på seg oppgåva med å arrangera Hordakappleik i 2019. Orientering v/Irene, som har vore i møte med Mia Fimreite, leiar i Os spelemannslag. Dei har gjort avtale med Oseana kulturhus og vil arrangera kappleiken der den 23. mars 2019. Os spelemannslag ynskjer eit møte med heile styret i HFL i løpet av hausten, truleg etter Vestlandskappleiken. Før den tid skal dei arrangera folkedanskveld i Oseana den 13. oktober.
4. Eventuelt
Magni Rossvold og Irene skal på promotur for folkedans og Bygda danser i Kvinnherad 14. august. Skal spreie begeistring og interesse for folkedansprosjektet, og besøker Kvinnherad vgs. i fyrste omgang.
Referent: Irene Bjørke