Styremøte 4-2017

Referat styremøte HFL 09.11.17


Frammøte:

Silje Solberg, Åsviv Kvåle-Reigstad, Irene Bjørke (alle via Skype)
 

Saksliste:

  1. 1. Handsaming av innkomne søknader
    Det var svært mange gode søknadar denne gongen, og dessverre mykje mindre pengar å dela ut enn kva styret skulle ynskje. Ein enda på å løyva midlar til følgjande prosjekt i denne omgang:

Folkedans for ungdom

Voss Spelemannslag

3000

Kurs i samspel mellom
musikk og dans

BUL Ervingen

2000

Kurs i hardingfelespel

BUL Ervingen / Audhilds

2000

Rekrutteringsprosjekt

Osterøy spel- og dansarlag

2000

Haustsamling på Osterøy

Osterøybelgen
(+ Osterøy spel- og dansarlag)

2000

 

  1. 2. Nye føresegner for Hordakappleiken
    Styret er i gang med å utarbeida nye føresegner for Hordakappleiken/Hordamønstringa. Forslag til nye føresegner vil bli sendt ut til lokallagene i forkant av årsmøtet 2018, og lagt fram som forslag til vedtak på årsmøtet.

 

  1. 3. Landskappleiken 2019
    Foreløpig har ikkje FolkOrg arrangørar til Landskappleiken 2019. Ein invitasjon til å arrangera LK i 2019 er sendt ut til spelemannslaga i Bergen og omegn, og ein vonar at lokallaga kan diskutera dette både kvar for seg og i fellesskap. Ein vonar å kalla inn til eit felles møte i slutten av november.

 

  1. 4. Årsmøte 2018
    Ein vil freiste å halda årsmøtet 2018 samtidig som Hordamønstringa på Osterøy 17. mars.

 

  1. 5. Samarbeid med Sogn og Fjordane folkemusikklag
    Fylkene skal slå seg saman i 2020, så folkemusikklaga bør leggja ein plan og ein strategi for korleis ein skal retta seg mot fylkene ang. samanslåinga og den nye fylkeskommunestrukturen. Leiar i HFL vil følgje opp invitasjonen til å samarbeida, som me fekk frå fylkeslaget i Sogn og Fjordane under leiarmøtet på Vestlandskappleiken, og vonaleg få i stand eit møte der ein kan diskutera saka nærare. 

 

Referent: Irene Bjørke