Styremøte 4-2018

Styremøte Hordaland folkemusikklag 25.11.2018

 

Frammøte:

Alexander Aga Røynstrand, Silje Solberg, Irene Bjørke
 

Sakliste
 

1. Tildelingsrunde 04/2018

Følgjande søknadar fekk tilsegn:

2018/16

Konsert: Kveder i julenatt

Vokalensemblet Multa Paucis

2000

2018/17

Dansetiltak i Bjørnafjorden

Folkedans i Hordaland, Os u.l og Os spl

10000

2018/18

Veslefrikk med fela

Voss spelemannslag

2000

2018/03

UngOsa

Folkedans i Hordaland

4000


2. Møte om fylkessamanslåing

Etter leiarmøtet på Voss under Vestlandskappleiken, vart ein einige om å samlast til eit møte for å diskutera nærare korleis ein skal jobbe vidare med å samordne folkemusikklaga i det nye fylket. Det vart føreslått å kalla inn eit møte på Voss på Ole Bull Akademiet med styra i både Sogn og Fjordane folkemusikklag og Hordaland folkemusikklag, Jo Asgeir Lie, Rannveig Djønne (hardingfela.no), samt invitera Hilde Bjørkum. Dette møtet bør halde stad før jol, og har som føremål å etablera ei arbeidsgruppe og mandat for arbeidsgruppa. Alexander snakkar med Jo Asgeir om å ha møtet på Ole Bull Akademiet, og sender ut innkalling.
 

3. Nye vedtekter til Hordakappleiken

Det har vorte utarbeida eit forslag til vedtekter til Hordakappleiken. Desse bør no gå ut på høyring i lokallaga sånn at dei kan reviderast og vedtakast på årsmøtet 2019 slik som årsmøta i 2017 og 2018 har vedteke. Ein bør òg vurdera om ein skal utsetje dette til neste år med tanke på arbeidet som skal til i arbeidsgruppa som skal sjå på organiseringa av folkemusikk i dei to fylka. Kanskje er det naturleg å samkøyre eventuelle vedtekter med fylkeskappleiken i Sogn og Fjordane, og vil det eventuelt bli heitande Hordakappleik i framtida? Viss vedtektene vert vedteke på årsmøtet 2019 vil dei i praksis ikkje vera gjeldande før Hordakappleiken 2020 då fylka er slått saman.

Vedtak:
Styret vedtek å utsetje dette inntil vidare til ein ser kva utfallet vert mtp. fylkessamanslåing og arbeidet i arbeidsgruppa.
 

4. Årsmøte 2019

Årsmøtet vert halde samtidig som Hordakappleiken på Os laurdag 23. mars. I dialog med Os spelemannslag finn ein eit høvande tidspunkt og lokale. Irene skriv årsmelding for 2018 og utarbeidar forslag til arbeidsprogram for 2019, samt budsjett. Silje tek seg av rekneskapen.
 

5. Hordakappleiken 2019 på Os

Os spelemannslag ynskjer å invitera styret på møte i Oseana med den hensikt å diskutera Hordakappleiken 2019. Ein vil forsøke å organisera eit møte i januar der partane kan kome saman.

 

Referent: Irene Bjørke