Styremøte nr.1, 2010

HORDALAND FOLKEMUSIKKLAG

Styremøte 1/2010 Dato. 18.04.10.

Tid/stad: 16:00-19:00, hjå Åse Teigland Referent: Per Øyvind Tveiten

Tilstades: Mari Ormberg,Silje M.Vevle,Åse Teigland,Per Øyvind Tveiten. Ikkje innkalla: 2.vara, Kari Malmanger.

1. Informasjonar:

a. Frå årsmøtet i S&Fj.: Mari var tilstades. God aktivitet og økonomi i S&Fj., Synnøve Bjørset ny leiar,saman med 4 andre i styret . For nærare info, sjå heimesida til S& Fj.: http://www.folkemusikklaget.no/ Kari Malmanger er i det styret, og samstundes 2. vara i HFL. Ser ikkje at det er formelle problem. Kari M. vil ikkje bli tillagt oppgåver i HFL.

b. Oppfølging etter årsmøtet 12.03.10: Årsmøteref.er ikkje ferdig (underteikna). Silje held kontakt med Helga Revheim vedr.underteikning,- så snart det er underteikna blir det sendt styreleiar (nødv.for vidaresending til Brønnøysund reg. m.v) . -Avslutning konto i Sparebank Vest og arkiv av eldre materiale i Bjørndalsamlingane: Ragnar Birkenes og John Haugen skal fullføra det. Per Øyvind fylgjer opp.

c. Overlevering rekneskap: Dette fekk ikkje styret til første styremøte. Rannveig Djønne kontakta pr. sms.i møtet. Mari tek kontakt med Rannveig for overlevering og gjennomgang av rekneskapet . Excel-ført rekneskap blir sendt styremedlemene pr.epost for info.

2. Konstituering:

Leiar Per Øyvind Tveiten iht.årsmøtevedtak Mari O.blir kasserar, Silje M.V. nestleiar/skrivar. Åse T. tek ad hoc oppgåver – f.t. er ho kontaktperson mot Vestlandskappleiken 2010 (Ullensvang).

3. Formelle saker: Oversending oppdatering til Brønnøysundregistra: Nødv.underskrifter og opplysningar vart registert i møtet. Per Øyvind sender oppdatering. Bankfullmakt blir skrive så snart underskrive årsmøteref. ligg føre.

4. Søknader til Hordaland fylkeskommune: sjå link: http://www.hordaland.no/Hordaland-fylkeskommune/Kultur/Tilskotsordningar/ Det ser ut for at søknadsfrist stort sett er 1.mars. Mari snakkar med Rannveig Djønne om kva søknader som er sendt/evt.innbetalte/rekneskapsførte. Om nødvendig tek ho kontakt med Fylkeskommunen/orienterer resten av styret om status.

5. Søknadsfristar for laga for tilskot frå HFL: Etter vedtak årsmøtet skal ved vera fristar1.mai og 1.november. For i år vil styret godta søknader framtil 1.juni, grunna sein kunngjering.

6. Heimesida: Silje kontakter Folk.org/Frode Rolandsgard om tilgang og oppdatering, evt. ber om vidare opplæring. Årsmøteref., oppdatert liste over styret og dette ref. blir lagt ut så snart råd.

7. arbeidsprogram:

a. søknad til fylket for 2011. Sjå pkt.4

b. Budsjett: Fullstendig budsjett – Mari kfr.Rannveig Dj.

c. Audhild Flaktveit Moxnes’ minnepris: Utdelast Vestkl.- Minneprisen blir forvalta av eige styre. Kontoen er lagt til HFL som ansvarleg organisasjon. Styret for Minneprisen blir orientert om nytt styre og dato for Vestlandskappleiken (Per Øyvind Tek kontakt)

d. Vestlandskappleiken 2010: Hardanger spelemannslag.

  • Kappleiken skal vera i Kinsarvik. (skulen),laurdag 2.oktober . Festdelen på Lofthus
  • Klassar: Spel/song/dans. Jr./sen.klasar. Førebelse framlegg til domarar er gjort av arrgøren- Åse sender ut framlegga og vi vurderer desse og evt.andre. Bør vera aktuelt også å bruka ”nytutdanna domarar” der det er mogeleg . Tilbakemelding til Åse innan 7. Mai- ferdige domarforslag innan 25.mai.
  • Kunngjering om dato/stad/rammeprogram hastar. (heimesida HFL, Folk.org/kalender.– Åse fylgjer opp.

e. Skisse på ramme for Hordamønstring 2011:  Skisseframlegg ferdig medio juni, for å skaffa tekn.arrangør. Innhald: kappleik/mønstring, evt. med kurs/. Evt. deling. for dur,fele,dans, etc. f. Kobling mellom kulturskule og spelemannslag – korleis kobla dette? Må arbeidast vidare med flg. tema:

  • Auka samarbeid / kontakt mellom kulturskulane og medlemslaga i HFL
  • Arbeida for eigna arena der alle grupper kan vera med.
  • Auka samarbeid mellom dei forskjellige gruppene (durspel,hardingele,song,dans,andre instrument) som høyrer under HFL sine medlemslag.

8. Møtekalender: Møte 2/2010: Søndag 13.juni kl. 16:00 , hjå Silje. Alternativ: kvardagskveld veke 23. Møte 3/2010., veke 37. Dato avtalast neste møte Kontakt elles pr.epost/telefon. Viss nødvendig med ekstramøter blir det kalla inn på kort varsel.