Kontaktinfo
HORDALAND FOLKEMUSIKKLAG
Telefon: 90844662
Epost:
STYREMØTE NR.1 - 2011
Styremøte i Hordaland Folkemusikklag
Til stades: Per Øyvind, Sindre, Silje, Åse og Eva Marie
USF Verftet, 26/4-2011
- Gjennomgang av årsmøtereferat
Referat frå årsmøte vart lest opp, og nye styre/varamedlem vart slik orienterte om kva styret har arbeida med det siste året.
2. Orientering om status.
Handlingsplan (vedteke på årsmøte) vart gjennomgått.
- Søking av stønad:
- Per Øyvind har sendt søknad til Hordaland Fylkeskommune for 2012.
- Minnepris:
- HFL forvaltar konto for Audhild Moxnes Flaktveit sin minnepris. Søknadsfrist/info vil publiserast på heimesida.
- Utlysing og utdeling av stønad
- Utlysing i form av informasjonsskriv sendt ut til lokallaga, med søknadsfrist 1. juni og 1.november.
- Informasjon
- Vert formidla til medlemma via heimeside og informasjonsskriv.
- Vestlandskappleiken for 2012 – må ha arrangør klar innan årets Vestlandskappleik.
- Hordamønstring – ingen konkrete planar enno. Har tradisjonelt vore arrangert i mars, men kan hende er januar eit betre tidspunkt. Det vart fremja forslag om ein vinterkappleik på Finse, første helga i januar.
- Storkurs – november 2011
- Gimle er tinga. Aktuelle tema kan vere til dømes springar, eller ein spesiell speletradisjon, kanskje i kombinasjon med eit dommarkurs. Forrige dommarkurs i Hordaland var arrangert i 2003. Styret i HFL kan tilby seg å ordne instruktørar og sende invitasjon til medlemslaga.
- Samarbeid med Sogn-og Fjordane
- Samarbeid med kulturskulane
3. Konstituering
Leiar: Per Øyvind Tveiten
Skrivar/nestleiar: Silje Midtbø Vevle
Kasserar: Sindre Vatnehol
4. Arbeidsfordeling iht. Handlingsplan
Silje:
- Informasjon:
- sender ut info til laga angåande søknadsfristar for å søkje om stønad, og krav til søkjarar (arrangement skal vere opne for alle, og budsjett skal vedleggast). Opplyser samtidig om at deltakarar på Mokurs/Strunkevekå etc. og kan søke om å få dekka delar av kursavgifta. Informasjonen blir lagt ut på heimesida.
- Oppdaterar heimesida ved behov. Ønskjer gjerne fleire bilete til heimesida.
- Hordamønstring
- Høyrer med Finsehytta, om pris/tilgjengelighet 10.januar.
Sindre:
- Samarbeid med kulturskulane:
- Forsøker å kartlegge aktiviteten i kulturskulane, og tenke ut kva som kan fremje eit samarbeid mellom kulturskulane og spelemannslaga (kva lærekrefter/tilbold som finst i forhold til opplæring av folkemusikk/dans). Gjerne innhente ei kontaktliste.
Per Øyvind:
- Vestlandskappleik:
- Sender skriftleg førespurnad til Bergenslaga (BUL Ervingen, Bygdedanslaget, Fjellbekken) om dei ønskjer å arrangere Vestlandskappleik i 2012.
- Storkurs:
- første helga i november: Kontaktar bergenslaga (BUL Ervingen, Bygdedanslaget og Fjellbekken) for å høyre om dei er interesserte i å arrangere storkurset.
5. Årsmøte i FolkOrg
- 29.april-1.mai på Røros.
- Viktig sak: Endring av vedtekter
- Per Øyvind – utsending frå HFL (1 utsending frå kvart områdelag)
- Sindre – utsending frå Fjellbekken
6. Førebels møteplan dette arbeidsåret:
- 16.juni.
- 16. august
- 4.oktober
- 15. november
Silje Midtbø Vevle
2011-07-07