STYREMØTE NR.1 2012

Styremøte i Hordaland Folkemusikklag
Styremøte 1/ 2012-2013.
Gimle, Kong Oscarsgt. 18, 24/04/2012
Til stades: Per Øyvind, Sindre,Tuva,Sigrid,Svein Inge.



Sak 1/ 2012-13:Referat frå årsmøte HFL:
Sindre og Per Øyvind gjekk kort gjennom årsmøte HFL/referat. Reinskriving og underskrift av referat attstår – Sindre gjer dette ferdig snarast.

Sak 2/ 2012-13:Konstituering av styre for 2012/2013:
Vedtak:
Leiar: Per Øyvind Tveiten (vald)
Nestleiar/kasserar: Sindre Vatnehol
Skrivar/info.arbeid: Tuva Sunniva Thomassen Bolstad

Sak 3/ 2012-13:Orientering frå årsmøte FolkOrg og fellesmøte med områdelaga:
Per Øyvind møtte som utsending frå HFL. Fellesmøte med områdelaga var halde fredag 20/4 i samband med årsmøtehelga. Områdelaga er ulikt organisert og med ulike arbeidsoppgåver.
Mest interessant i dag, og som vart brukt ein god del tid på, er gjerne arbeidet i Hedmark folkemusikklag, som har teke på seg å arrangera Landsfestivalen i 2013. Blir ein dugnad for lag i heile fylket – LF blir halden på Løten. Dei er godt organisert og godt i gang med arbeidet.
Frå årsmøtet i FolkOrg var vedtektsdebatten vel den som engasjerte mest – elles vart handlingsplan vidareført og arbeidsmål 2012 vedteke. Jfr. elles referat på FolkOrg si heimeside (folkemusikk.no) .
Leiar i HFL vart vald til leiar i FolkOrg. For HFL skal ikkje det ha formell konsekvens, men større del av oppgåvene må fordelast til andre i styret og varafolka må tildelast oppgåver

Sak 4/ 2012-13: Fordeling av arbeidsoppgåver:
Fordeling av arbeidsoppgåver iht.aktivitetsplan som var handsama på årsmøte, aktuelle tidspunkt m.v.
Vedtak:
• Fellesmøte Sogn og Fjordane fml.: Lite hensiktsmessig å halda dette før sommaren. Per Øyvind tek kontakt med S fj. for avtale hausthalvåret.
• Samrådingsmøte med laga: kort seminar/drøfting gjennomført i samband med årsmøte. Aktuelt tidspunkt for nytt møte vil vera på slutten av året (nov/des.). Blir teke opp med laga i samband med utsendig av neste info.brev til laga, etter neste styremøte (tema,tidspunkt,behov).
• Storkurs i regi av FolkOrg: Slik orientert om på årsmøte av dåverande styreleiar Maria H.Berg, jfr.også utsend info.frå FolkOrg og frå HFL, blir det storkurs i Bergen 21-23 september. Laga blir dregne med i det praktiske arbeidet – det bør takast sikte på eit fellesmøte mellom lokallag, HFL og FolkOrg før sommaren. Ansvar: Per Øyvind
• Vestlandskappleik 2012, Lonevåg: Arbeidet er godt i gang. HFL sin kontakt mot VK12 er Tuva. Oppgåver iht.vedtektene for Vestlandskappleiken.
• 30-års jubileum for HFL: dato er fastsett til 17.november. Sigrid undersøkjer mogelege lokalitetar på Voss for dette. Tilbakemelding før neste styremøte. Oppsummering av aktivitet/styresamansetjing bør gjerast før jubileet. Sindre høyrer med Jon Haugen om mogeleg gjennomgang/oppsummering frå arkiv på Bjørndalssamlingane.
• Vidareføring av arbeidet mot kulturskulane: Svein Inge undersøkjer kva tilbod og samarbeidsordningar mot våre lokallag som finst i kommunane.
• Vurdering av ”Bygda dansar” til Hordaland: Rff kontaktast for oversikt og aktuelle tidspunkt. Per Øyvind tek kontakt.
• Informasjonsarbeid: Silje M.Vevle driftar heimesida inntil ho er attende frå USA (juni), då får Tuva opplæring og tek over. Adresser m.v. for nytt styre: blir sendt Silje for heimesideoppdatering. Direktesending frå Per Øyvind til øvrig styre i samband med dette ref.

Sak 5/ 2012-13: møtekalender:
Neste styremøte blir Måndag 4.juni kl. 18:00 i Bergen, leiar sender innkalling. Hovudsak blir fordeling av tilskot, søknadsfrist 1.juni. Møtekalender for resten av året blir fastsett då.


Ref. Per Øyvind Tveiten