Styremøte Nr. 1-2016

Referat styremøte Hordaland folkemusikklag 22.02.2016

Oppmøte:

Tormod Kleiveland, Silje Solberg, Irene Bjørke

Saksliste:

1.    Årsmøte 2016

- Rekneskapen kan ikkje godkjennast av revisor før det skal verte sendt ut til medlemmane. Styret vel å sende ut rekneskapen slik han føreligg utan revidering, og vil kome tilbake med revidert rekneskap på årsmøtet.

- Budsjett: HFL har ein god eigenkapital, så styret ynskjer å auka potten til løyvingar til 64 000 i 2016. Administrasjonskostnadar (dekking av reise, møtegodtgjerdsle etc.) vert sett til 12 000.

- Årsmeldinga er klar.

- Styret ynskjer å diskutera retningsliner for tildeling av midlar på årsmøtet.


2.    Dommarar til Vestlandskappleik

Styret vil skaffa dommarar til Vestlandskappleiken innan 1. september.


3.    Løyvingsrunde nr. 1/2016

- Styret vil sende ut purring på rapport frå dansesamling på Voss haust 2014.

- Følgjande søknadar fekk stønad i denne tildelingsrunden:

Dans- og spelmaraton Bul Ervingen 3000
Stønad til cd-utgjeving Silje Solberg 5000

- Det vart innvilga stønad til CD/dokumentasjonsprosjektet «Nordhordalandsslåttar 3» (Silje Solberg erklærte seg inhabil, og var ikkje tilstades når tildelinga vart diskutert).


4.    Tildeling frå fylket

HFL har søkt fylket om driftsmidlar fram til 2018, og har fått tildelt kr. 67 000 for 2016.


5.    Samarbeid med Hardingfela.no

Styret ynskjer å overføre det administrative arbeidet over på ein institusjon som driv med den type arbeid til vanleg for å sørgje for kontinuitet i organisasjonen. Det kan vera aktuelt med eit samarbeid med hardingfela.no, så ein vil sjå vidare på korleis eit eventuelt samarbeid kan vera.

 

Referent: Irene Bjørke