Kontaktinfo
HORDALAND FOLKEMUSIKKLAG
Telefon: 90844662
Epost:
Styremøte nr.2, 2010
Styremøte i Hordaland folkemusikklag, 20.juni 2010
Til stades: Per Øyvind Tveiten, Åse Teigland og Silje Vevle
Statusoppdateringar:
-HFL no registrert i Brønnøysund-registeret. Per Øyvind si adresse er oppført forretningsadresse.
-Per Øyvind har overtatt rekneskapen frå Rannveig Djønne, og fungerar som kasserar fram til Mari kjem att.
-Har søkt fylkeskommunen om midlar, 5.mai 2010. Har søkt om 75 000 (litt meir enn tidlegare)
Rekneskap/økonomi:
Ein del løyvingar som vart gjort i 2009 har enno ikkje blitt utbetalt (pengar til Hardanger-kurs og rudl-seminar o.l):
- Det er løyvd ein rundsum som godgjersle for utgifter til dei faste styremedlemene i styret 2009. Rekneskapen for i fjor er revidert og godkjend, og pengane vil difor bli utbetalt. Styret vil ved eit seinare høve ta opp som eige sakspunkt kva godtgjersle styremedlem bør/skal få, og kva årsmøtevedtak som er gjort på dette. - Løyving til dekking av kursutgifter (deltakarar ved Strunkeveko) er blitt notert som betalt, men er ikkje å finne på kontoutskrifta. Pengane kan difor ikkje ha blitt utbetalt. - Per Øyvind vil betale ut løyvde midla frå 2009 som enno ikkje er utbetalte.
- Etter kontoutskrift ser det ut for at ei utbetaling har fått ein null for mykje, utbetalt kr. 10 000,- i staden for kr.1000,-. Per Øyvind tar kontakt med mottakar og ber dei føre tilbake kr.9000,-.
- Saldo på konto per dags dato kr.206.482,- av dette disponert frå rekneskap 09 17.800, - ; til disposisjon 188.682 pluss den nemnde feilutbetalinga på 9000. - Saldo på minnefond-konto: 74 284,- (omtrent det same som ved forrige utbetaling)
Gjennomgang av søknader:
- Kvedarseminar i Bergen 10.-12.september 2010 Søker om kr.10 000,- Vedtak: Får kr. 5000,-
- Fylkesdansar- HFL har motteke ein prosjektsøknad frå Halldis Folkedal, som ønskjer å søke om midlar frå KUP (kulturelle utviklingsprogram). Midlane skal gå til ei stilling/prosjekt som fylkesdansar i Hordaland. Vedtak: Einige om at me kan bidra med ein startkapital, men krev då at stillinga skal utlysast og fullfinansierast. Vedkomande bør søke om lønnsnivå tilsvarande med fylkesmusikarane. Vil avvente å løyve konkret beløp, men som ei foreløpig ramme: kr. 10 000,- i starttilskot.
- BUL Ervingen/Bygdedanslaget – seminar med Ami Dregelid og Allika Frisell Dansekurs for både ungdom og vaksne. Søker om kr. 5000,- Vedtak: Får kr. 5000,-
- Juniorsamling – arrangert av Nordhordaland spel-og dansarlag Søker om kr. 15 000,- Vedtak: Får kr. 15 000,-
Silje sender ut svarmail og rapportark til dei som har søkt om stønad. Pengar vil ikkje bli utbetalt før HFL har motteke rapportark i etterkant av arrangementa.
Dommarar – Vestlandskappleiken 2010: HFL skal skaffe totalt 6 domarar.
Spel-dommarar dømmer i spel hardingfele/fele, durspel og eldre folkemusikkinstrument. Song-dommarar: dømmer i song og open klasse Dans-dommarar: dømmer i dans
Spel: Åse Teigland seier ja. Silje høyrer og med Håkon Høgemo. Reserver: I) Steinar Rygg II) Eva Marie Toppe.
Dans: Per Øyvind høyrer med Haldis Folkedal og Rigmor Nesheim Vaular Reserver: I) Knut Blikberg II) Per Øyvind Tveiten
Song: Åse høyrer med Berit Oppheim Versto og Anne Murstad. Reserver: I) Eva Marie Toppe II) Kari Malmanger
Me får avklart dommarar i løpet av dei neste par dagane (før landskappleiken).
Heimeside:
- Vestlandskappleiken si heimeside er ikkje gjort noko med sidan sist. Åse sjekker om informasjonsansvarlege i kappleikskomitèen har dei nødvendige kontaktane, og ber dei få sida oppe å gå.
-HFL: har no fått ny heimeside hos ny leverandør. Silje arbeider vidare med å legge inn informasjon, og sender logo og liknande. Heimesida bør oppdaterast jamnleg og vere ein ”samlingsplass” for informasjon om folkemusikk-relaterte arrangement i fylket. Me vil og legge ut referat frå styremøta.
Hordamønstring: Dato satt til 26.og evt. 27.mars.
Skisse: -Hovudtema: Koble saman durspel og fele (samspelkurs) - Kurs generelt: halling (frikar), og nybyrjarkurs i dans (viktig for å få foreldra inkludert i miljøet) synest mest aktuelle , -kurs i spel, song kan vera alternativ. - Kappleik: mest aktuelt med ”Sjokoladekappleik” - Konsert på kvelden eit mogleg ”trekkplaster” , med etterfylgjande dansefest. Litt opp til arrangør kva ein vel å fokusere på. Forslag til arrangør: Me sender førespurnad til Osterøy, Nordhordaland og Voss. Per Øyvind sender forslag til brev.
Andre samlande tiltak frå HFL:
Eks: På landskappleiken på Gjøvik stilte HFL med eit lag i lagdans. Slike ”fellestiltak” kan vere noko å ha i tankane til neste år . Tiltak som dette kan vere samlande for utøvarar i fylket- vi ber om innspel frå laga til intersante tiltak!
Infoskriv: Me sender ut eit infoskriv til lokallaga slik som sist med statusoppdateringar.
Neste styremøte: Onsdag 15. september hjå Silje. Kl.18-20.