STYREMØTE NR.2 - 2011

Styremøte i Hordaland Folkemusikklag, 16.juni 2011.

Til stades: Per Øyvind, Åse, Sindre og Silje

 
1. Referat

Referat frå førre styremøte vart gjennomgått.

 
2. Økonomi

Brukskonto har omlag 191.000,- inneståande. Sindre har overteke som kasserar.

Vedteke budsjett for 2011 reknar med 60 000,- i stønad til laga – disponering ved første tildeling bør vera om lag halvparten.

 
3. Stønad
Innkomne søknader vart handsama:
 
  • To tette og ei badehette – kurs i Masfjordspringar og lokaldanstradisjon.
    • Får tildelt kr. 7500,-
  • Osterøy Spel- og Dansarlag – instruktørinnleiging før CD-innspeling
    • Får tildelt kr. 4000,-
  • Osterøy Spel- og Dansarlag – rekrutt
    • Får tildelt kr. 6000,-
  • Tørvikbygd – førebuingtil CD-innspeling
    • Får tildelt kr. 4000,-
  • Mokurs, dekking av kursutgifter ein deltakar   
    • Får tildelt kr. 1000,-
  • To dansarar – deltaking under Nordic Dance
    • Får tildelt kr. 1000,- (500 på kvar)
  • Juniorsamling - Osterøy/Nordhordland
    • Får tildelt kr. 10 000,-
 

Totalt utdelte midlar til no: kr. 33 500,-

 
4. Vestlandskappleiken
  • HFL har ikkje motteke noko fullestendig sluttrapport frå arrangør av Vestlandskappleiken 2010. Åse tar kontakt med kappleiksansvarleg.
  • Det har ikkje blitt gjort noko meir for å finne arrangør for Vestlandskappleiken 2012. Per Øyvind sender ein skriftlig førespurnad til Osterøy Spel- og Dansarlag og Nordhordland Spelemannslag.
 
5. Storkurs
  • Alle Bergenslaga+HFL har hatt møte angåande storkurs i november.
  • Storkurs vert i Gimle, første helga i november.
    • Avgrensa med plass i Gimle. Bør difor ha eit anna lokale i tillegg for å ha nok rom til alle gruppene.
      • Alternative øvingslokale: kulturskulen i Bergen, Griegakademiet, Bjørndalsamlinga…?
    • Spele/kvedargruppene kan kanskje rullere i forhold til å bidra med dansespeling.
  • Instruktørar:
    • Hardingfele: 4 grupper?
      • Arne Anderdal, Knut Hamre, Einar Mjølsnes, Frank Rolland (dei to siste er fylkesmusikarar). Åse høyrer med desse. Alternativ: Leif eller Steinar Rygg.
    • Dans: 4 instruktørar, 2 dansegrupper, 2 spelemenn.
      • Halldis Folkedal, Knut Blikberg (Per Øyvind høyrer med desse)
      • Spelemenn: finn me seinare
    • Kveding:
      • Berit Opheim Versto (Åse høyrer med ho)
  • Tema:
    • Springar
    • Hovudvekt på musikk etter Ola Mosafinn -og/eller Arne Bjørndal 
  • Grovskissa budsjett:
    • Honorar – instruktørar: ca. 60 000,-
    • Overnatting – instruktørar: ca. 20 000,-
    • Diverse kostnader, husleige etc.
    • Total budsjettramme på ca. 100 000,-
    • Kursavgift: maks 400,- pr.pers(50 deltakarar = 20 000,- i inntekter)
    • Per Øyvind lagar eit korrigert budsjett som kan nyttast som grunnlag for søknad.
  • Søknader (Sindre søker om midlar) - kan søkje til dømes
    • Rff (opp til 8000,-)
    • Hordaland musikkråd (søker om vaksenopplæringsmidlar)
  • Informasjon
    • Silje tar hovudansvaret for å informere lokallag, presse og Sogn-og fjordane folkemusikklag.
    • Eva Marie – kan ho undersøke/booke innkvartering?
    • Fest laurdagskvelden – nokon i arrangørlaga tar ansvar for å arrangere dette
    • Me arbeider med å tydelegare definerere kva ansvarsområde lokallaga har, men som hovudprinsipp gjeld: HFl (styret) har ansvaret for å ferdigstilla programmet, skaffa instruktørar, syta for hus, tinga med overnatting, senda ut informasjon og innbyding, senda søknader om stønad og ta mot påmeldingar. Lokallaga som er med ”overtek” ved gjennomføringa- dvs. tek ansvar for alt praktisk arbeid ved gjennomføring av kurset, (fordeling av øvingslokale, teknisk tilrettelegging, sal av mat, innpisking, arr.fest om laurdagen m.v.)
 
6. Ymse
  • Oppretting av nettportal for alle folkemusikk-relaterte lag/organisasjonar i Bergen (evt. heile fylket). Silje og Sindre arbeider vidare med dette.
  • Har blitt kontakta av Folkorg, som ønskjer ein ”pressekontakt” i HFL-styret som har oversikt over kva som skjer i fylket. Silje får oppgåva som ein slik kontaktperson.
  • Heimeside: Treng fleire bilete og nyhendesaker. Ideelt sett burde nettansvarleg vore utsendt på ulike arrangement i fylket for å ta bilete/skrive småreportasjar, men dette kan fort bli for omfattande. Mogleg at nokon utanom styret kan ta denne jobben. Me tenker vidare på om det finst aktuelle kandidatar (kan evt. koblast til oppgåver under førre punkt.)