STYREMØTE NR. 2-2013

Styremøte HFL 21.05.13

Oppmøte: Ann Kristin Kjærland, Johanna Mjeldheim, Svein Inge Hovland og Tuva Bolstad.

1) Styremedlemmene skriv under på skjemaet til Brønnøysundregisteret.

2) Årsmøtehelg i folkorg, områdemøte. Det er stor skilnad på aktiviteten i lokallaga. Tema: korleis jobba med rekruttering? Seminar: Rekruttering i lokallag. Folkemusikk og folkedans i kulturskulen. Det var mykje fokus på dans og korleis den kan integrerast i kulturskule, skule, lokallag og andre lag. Me kan lære av folkorg sitt seminar når me arbeider med den felles opplæringsplatformen for hardingfelespel. Me bør kommunisere med FolkOrg og i tillegg søke om midlar derifrå.

3) Arbeidsoppgåver:
- Nettverk for hardingfeleopplæring. Styret sine tankar: Fleire amatørspelemenn bør bli inkludert og oppmuntra til å ta del i hardingfeleopplæringa ute i distrikta. Kva for ei form skal dette nettverket ha? Felles repertoar? Bruke nettverket til å få fokus på kulturskuletilbodet i hardingfeleopplæring. Invitere med kulturskulerådet på møtet. Me vil ha ei idemyldring på møtet med nøkkelpersonane til hausten. Nettverket kan knytast opp mot kappleikar og, - eit felles juniorspelemannslag. Vi utsett møte med nøkkelpersonane til nettverket, til i haust. Vi inviterer folk frå alle lokallag og alle kulturskulane. Vi må søke midlar frå Hordaland musikkråd.

- Bygda dansar: Samarbeide med Hordaland Ungdomslag. Sette saman ein komité som organiserer dette prosjektet.

4) Møte om fordeling av midlar torsdag 13. juni kl 18.00