Styremøte nr. 2-2014

Konstitueringsmøte HFL 22.05.14

På kafe i Skostredet.

Oppmøtte frå det gamle styret: Johanna Mjeldheim, Tina Kjerland og Tuva Bolstad. Frå det nye styret: Tormod Kleiveland og Irene Bjørke.

Sak 1. Gjennomgong av 2013

I tillegg til å få høyre om dei faste årlege oppgåvene til styret blei dei nye styremedlemmane også informert om kva for nokre nye påbegynte saker dei skal følge opp.

  • Sende ut ny frist om innrapportering til søkarar som fekk løyvd midlar i 2011 og 2012, men som enno ikkje har innrapportert.
  • HFLopplæring og Bygda Dansar. Desse prosjekta vert organiserte av styringsgruppe og nøkkelpersonar. HFL si oppgåve blir å finne ut av kor mykje som trengs av midlar til desse satsingane og å sette av desse midlane, eventuelt søke om øyremerkte midlar frå andre bidragsytarar (t.d.Sparebanken).
  • Det nye styret blei råda til å starte tidleg med å finne dommarar til VK14 og å komme i dialog med kappleikskommiteen om kva for nokre klassar som vert aktuelle i år. Styret i HFL skal skaffe to dommarar til kvar klasse. Sogn og Fjordane Folkemusikklag skal skaffe ein dommar til kvar klasse.

 

Sak 2. Aktivitetsplan

Det nye styret blei sett inn i oppgåvene for 2014. Sjå referatet frå Årsmøtet eller årsmeldinga.

 

Sak 3. Konstituering av styret.

Leiar: Silje Solberg, Osterøy Spel- og Dansarlag, 1 år

Skrivar og nestleiar: Tormod Kleiveland, Osterøy Spel- og Dansarlag, 2 år

Kasserar: Ann Kristin Kjerland, Hardanger Spelemannslag, 1 år igjen.

Vara 1. Irene Bjørke, BULE, 2 år

Vara 2. Ole Gjerde, musikklærar i Kvam Kulturskule, 2 år

 

Det nye styret sender inn navn og underskrifter til Brønnøysundregisteret.

Ymse:

  • Det er ønskeleg å ha tidsramme for møtene frammover.
  • Det vil vera praktisk å bruke Skype, følge opp saker pr e-post og ha nokre av møtene på Voss, sidan styremedlemmane bur spredt.

Leiar kaller inn til møte for fordeling av midlar etter søknadsfrista 1. juni.

 

Referent: Tuva Bolstad 27.05.14