Kontaktinfo
HORDALAND FOLKEMUSIKKLAG
Telefon: 90844662
Epost:
Styremøte nr. 2-2015
Referat styremøte Hordaland Folkemusikklag, 8. juni 2015
Frammøtte:
Silje Solberg, Tormod Kleiveland, Irene Bjørke
-
Konstituering av styret
Leiar: Silje Solberg
Kasserar: Tormod Kleiveland
Skrivar: Irene Bjørke
-
Arbeidsplanen til styret framover
- Informasjon: sende ut nyhendebrev til medlemmane med oppfordring om å gje beskjed om aktivitet som ein kan blesta i seinare nyhendebrev, samt på nettsida. Det har dessverre vore lite informasjonsflyt i det siste. Me skal generelt oppdatere og bleste meir informasjon som er relevant for våre medlemmer på nettsida. Skal òg ta meir i bruk Facebook-sida til HFL.
- Vestlandskappleiken: Finna ein dommar i kvar klasse til Vestlandskappleiken.
- Tildeling av midlar: Handsaming av søknadar og tildeling av økonomisk stønad til folkemusikk- og folkedansprosjekt i fylket.
-
Lønna styreleiarverv
Styret var samde om å halde fram med den strukturen som har vore før fram til neste årsmøte. Ein ynskjer å starta det lønna styreleiarvervet til neste år (2016), i tråd med årsmøtevedtaket. Styret oppfordrar derfor valnemnda til å få tak i ein person som vil ta på seg det honorerte styreleiarvervet med det ansvaret og arbeidsmengda det inneber.
-
Tildeling av midlar
Det var mange søknadar denne runden, og mange gode tiltak og aktivitetar. Dette ser styret på som svært positivt, og er glade for at det er aktivitet spreidd kringom i fylket. Dei prosjekta me valde å innvilga stønad denne runden er som følgjande:
Dansekurs - halling | Kvemmingen spel- og dansarlag | 6000 |
Kvedarkurs og Inn til vegge-kurs for born | Bul-Ervingen | 3000 |
Kvedarkurs for vaksne | Bul-Ervingen | 3000 |
Shantikurs | Bul-Ervingen | 3000 |
Juniorsamling | Norhordaland/OSDL | 10000 |
Referent: Irene Bjørke