Styremøte nr. 2-2016

Styremøte Hordaland folkemusikklag 11.05.16

Frammøtte:
Silje Solberg, Åsviv Reigstad, Irene Bjørke


Saksliste:

1.    Konstitusjon av styret
Styret konstituerte seg, og styret for 2016 vil vera som følgjande: Leiar: Silje Solberg Kasserar: Åsviv Reigstad Skrivar: Irene Bjørke

2.    Orientering om arbeid i styret for 2016
Ein vil freiste å ha styremøte 4 gonger i året, og vil leggje desse styremøta til rett etter søknadsfristane for tildeling av midlar sånn at desse kan verte handsama i rimeleg tid etter fristane. Styret skal finne 2 dommarar til kvar disiplin på Vestlandskappleiken, som er i Bergen i år. Ein skal òg freiste å halde nettside og Facebook-side oppdatert så ein kan finne informasjon her om nyhende og aktuelle arrangement.

3.    Tildelingsrunde nr. 2 i 2016
I denne runden har styret vedteke å gje stønad til følgjande prosjekt:

Morgendagens spelemenn

Else Olsen Storesund

10 000

 

 

4.    Dommarar til Vestlandskappleiken
Arbeidet med å skaffa dommarar til Vestlandskappleiken er starta.

 

Referent: Irene Bjørke