Styremøte nr.3, 2010

Styremøte 3/2010

Dato: 21.09.2010

Tid/stad: Kl.18.00-20.00 hjå Silje Midtbø Vevle

Referent: Silje Midtbø Vevle

Til stades: Per Øyvind Tveiten, Åse Teigland og Silje Midtbø Vevle

Forfall: Mari Ormberg

Ikkje innkalla: 2. vara, Kari Malmanger

 

 

1. Referat frå forrige møte

Vart godkjent og underskrive.

2. Oversikt rekneskap/økonomi:

a) Løyvingar som vart gjort i 2009 har no blitt utbetalt, med unntak av ei løyving på kr.10 000,- som blir overført snarast.

b) Pengane som har blitt løyvd til fjorårets styremedlemmer vert overførte når Per Øyvind mottek kontonummer.

c) Mottakar som tidlegare hadde fått eit tilskot med ein null for mykje, har ført kr.9000,- tilbake til HFL sin konto.

d) Brukskonto og kapitalkonto er framleis registrert på tidlegare leiar. Per Øyvind ordnar opp i dette.

e) Bankkonto i Sparebanken har det ikkje blitt gjort noko meir med – banken har ikkje svart på førespurnad. Blir fylgt opp av Per Øyvind f) Saldo på brukskonto (?) pr. i dag ca. kr. 200 000,- g) Minnefondkonto har omtrent same saldo som før.

3. Nye søknader

a) Nye søknader vert handsama etter at fristen for å søke har gått ut (1.november).

b) Lag som planlegg å gjennomføre prosjekt i løpet av våren 2011 vert oppmoda om å søke.

4. Status Vestlandskappleiken (VK)

a) Dommarar er i orden.

b) Minneprisutdelinga blir på kr. 8000,- Silje oppdaterar informasjon på heimesida.

c) Lagsmøte: styret vart samde om å leggje evalueringsmøte til laurdagen etter tevlinga er ferdig (kl.19.00). Her vil ein oppsummere kappleiken (om lag ein times tid). Per-Øyvind ringer arrangør og avtaler dette nærare.

d) HFL skal betale eit beløp til landslaget (kr. 500,-) i arrangementsavgift for Vestlandskappleiken.

e) HFL står og som garantist for kappleiken, og har krav på ein viss andel av eventuelle overskot.

5. Heimesider- status VK og HFL

a) Heimeside VK – OK

b) Heimeside HFL – er oppdatert. Ventar på å bli flytta over til den gamle adressa www.hordalandfolkemusikklag.no

c) Førebels har den oppdaterte sida adressa http://hordalandfolkemusikklag.custompublish.com d) Referat frå styremøta ventar og på å bli lagt ut på heimesida (Silje ordnar dette).

6. Hordamønstring

a) Per Øyvind har skreve eit framlegg til skriftlig førespurnad til lokallaga om dei vil arrangere Hordamønstring i mars 2011.

b) Styret er samde om å sende førespurnad til Osterøy spel-og dansarlag, Norhordland spel-og dansarlag og Voss spelemannslag.

7. Infoskriv, andre tema

a) Infoskriv har blitt sendt ut tidlegare i år samt i forrige veke.

b) Me vil forsette med å sende ut informasjon til lokallaga.

c) Mari er reist til Åseral og blir truleg ikkje med på framtidige møte. Per Øyvind fungerar difor som kasserar ut året. Øvrige styremedlemer blir haldne jamleg orientert (internkontroll)

8. Møtekalender

Nytt møtetidspunkt: 16. november kl.18.00 hjå Silje