Styremøte NR. 3-2012

Møte i HFL på Gimle, 13.11.12

Saksliste:
- Innkalling og referat frå sist møte
- Oppsummering av VK12 -30-års markering for HFL
- Fordeling av stønadsmidler
- Møtekalender
- Ynskje

Oppmøtte: Per Øyvind Tveiten, Tuva Bolstad og Svein Inge Hovland.

VK12: Vestlandskappleiken blei særs bra gjennomført og fekk mange gode tilbakemeldinger. Oppsummeringa ligg ute på HFL si heimeside, Osterøy Spel- og Dansarlag si heimeside og på FolkOrg si heimeside. Me har enda ikkje fått tilbakemlding på kor henne i Sogn og fjordane VK13 skal arrangerast. I samband med arrangering av Vestlandskappleik kan det vera bra også å ha kontakt med Møre og Romsdal og Rogaland. Representantar kan gjerne inviterast til å vera med ved eit evt.fellesmøte mellom HFL og S&Fj. fml.

Jubileum: 30 års-jubileet til HFL går som planlagt den 17. november, og er slått saman med Ola Mossafinn sitt 100 års jubileum der arrangøren er Voss Spelemannslag. Program: Mossafinn-markering, konsert, middag og dans. Per i dag er det 10 påmeldte frå HFL. Det er uvisst kor mange som er påmeldte til Mossafinn-markeringa. Per Øyvind vil skriva eit historisk festskriv som skal leggast ut på heimesida til HFL. Det blir og lagt ut ei oppsummering frå gjennomføringa av jubileet.

Fordeling av midlar: Vi hadde møte 4. juni der vi behandla åtte søknader og løyvde kr 41 000,- Det er komme inn 4 søknadar til denne fordelinga:

1. Ungdomsgruppa i Bergens Ungdomslag Ervingen: Stønad til dansesamling i Hordaland i lag med leiknemnda i Hordaland ungdomslag, 24.-26. mai på ein skule i Bergen. Formålet er å rekruttera nye medlemmer til laget og samstundes vidareføra prosjektet i regi av Norske Kulturbygg og Rusmiddeldirektoratet, «Rusfrie møtestader». Dansesamlinga blir eit tilbod for born og unge frå 10 år og oppover. Dei har budsjett på 39 000 og har søkt om stønad på 15 000. Dei får kr 7000,- i tilskot frå HFL.

2. Berit Kindingstad Vågen søker om stønad sine to døtre for Mo-kurs. Dette for at dei skal få treffe andre unge med den same interessen og motivere dei videre. Dei søker om kr 2000,- Dei får kr 2000,-

3. BUL Ervingen vil skipa til Polskurs 9.-10. november. Dette blir eit innføringskurs i pols og er ope for alle som ynskjer å delta. Dei har budsjett på kr 21 500,- og søker om stønad på kr 4500,- Dei får kr 4000,-

4. Voss Spelemannslag vil arrangere kurs for barn og ungdom opp til 20 år i spel, hardingfele, toradar og dans. Dei har budsjett på 105 000 og søker om stønad på kr 17 000,- Dei får kr 12 000,-

Ynskje: Randi Smørholm var ein aktiv dansar i BUL sia 50-talet. Ho var og ein god støttespelar. Ho blei 70 år. Randi vart påkøyrd utanfor Gimle og døyde seinare av skadene på sjukehuset i oktober. HFL vil legge ned krans på båra og heidre henne for den gode innsatsen for dansemiljøet i laget gjennom alle desse åra.

Per Øyvind sender ut forslag til møtekalender for 2013.

 

Referat skrive av Tuva Bolstad 25. oktober -12