STYREMØTE NR. 3-2013

Styremøte HFL 13.06.13

Frammøtte Ann Kristin Kjærland, Johanna Mjeldheim og Tuva Bolstad.

Fordeling av midlar etter søknadsfristen 1. juni 2013.

HFL har lite midler til å løyve ut i år fordi Årsmøtet har vedtatt å sette av kr 15 000,- til oppstart av «Nettverk hardingfeleopplæring» og ein økonomisk buffer til prosjektet «Bygda danser». Me får difor diverre ikkje delt ut så mykje me ynskjer til alle dei gode formåla det er søkt midler til. Me vel å prioritere åpne tilbod for born og unge som retter seg mot heile fylket.

1 BUL og Ervingen søker 15 000 til dansesamling våren 2013. Dei får kr 2500,-

2 OSDL søker om 10 000 til drift av junioropplæring . Dei får ikkje innvilga midler.

3 Ingeborg Bringslid har søkt om 4800 og Maria Toppe har søkt om 5000 til å dekke tur til Norring på Færøyane. Dei får ikkje innvilga midler.

4 Laila Renate B Storli har søkt om kr 5000,- til CD-innspeling. Ho får ikkje innvilga midler.

5 OSDL og Norhordaland søker om kr 20 000 Juniorsamling hardingfeleopplæring, Hausten 2013 Dei får innvilga kr 5000,-

6 BUL Ervingen søker om kr 15 000 til dansekurs til hausten. Dei får kr 2500,-

 

Styret i HFL set frist til 1. september 2013 til å få inn rapport frå dei som har fått innvilga midler i 2011 og 2012. Styret vil utarbeida ein standar på innrapportering etter gjennomførte prosjekt. Me set frist frist på å få tilsendt rapport tre månadar etter at prosjekt er blitt gjennomført. Dette vedtaket blir gjort for å unngå etterslep. Tuva sender ut svar til søkarane.

Eventuelt: Me føreslår 21. september til instruktørsamling i oppstart av felles plattform i hardingfeleopplæringa. Me set svarfrist til 20. august. Me sender invitasjon til Hordaland kulturskuleråd og til alle lokallaga. Tuva skriv invitasjonen og Ann Kristin sender den ut. Johanna byrjar å finne ei arbeidsgruppe til søkeprosessen til prosjektet Bygda danser.

Referat skrive av Tuva Bolstad