Styremøte nr. 3-2015

Referat styremøte Hordaland Folkemusikklag, 19. august 2015


Frammøtte:

Silje Solberg, Tormod Kleiveland, Irene Bjørke (via Skype)


Vestlandskappleiken

- Vestlandskappleiken vert i år arrangert i Førde 9.-11. oktober, av Indre Sunnfjord spelemannslag.
- Styret i HFL er i gang med arbeidet med å skaffa éin dommar i kvar klasse til kappleiken.


Hordamønstring

- Det er ytra ynskje frå nokre av våre medlemmar om å starte oppatt Hordamønstringa, og arrangera lokalkappleik for regionen. Slik styret ser det så er dette ei årsmøtesak som lokallaga våre må vedta, og me oppfordrar derfor medlemmane til å ta opp og diskutera ei eventuell oppliving av Hordamønstringa ved neste årsmøte. Elles synes styret det er svært positivt om lokallag vil arrangera t.d. sjokoladekappleikar for born, på eige initiativ.


Nettsida

- Nettsidene til Hordaland folkemusikklag er oppdaterte, og her vil ein finne nyhende, utlysingar, arrangementsoversikt og anna nyttig informasjon om lokallag og opplæring.
- Styret jobbar med å få på plass eit nytt og enkelt domenenamn for nettsida, samt ei eiga e-postadresse for laget som vil gå i arv når ein skiftar styre.


Tildeling av midlar

Det var få søknadar til handsaming i denne runden. Styret valde å gje stønad til følgjande prosjekt:

Vossadans    Voss Spelemannslag    kr. 10 000,-

 

Referent: Irene Bjørke