Kontaktinfo
HORDALAND FOLKEMUSIKKLAG
Telefon: 90844662
Epost:
Styremøte nr. 3-2016
Referat styremøte HFL, Voss 24.08.2016
Frammøtte:
Silje Solberg, Åsviv Reigstad, Irene Bjørke
Saksliste
1. Søknadsrunde 3/2016
I denne runden fekk me inn søknadar på totalt kr 55 000,-. Styret valde å innvilga pengar til følgjande:
UngOsa - kurs på Osafestivalen |
Osafestivalen |
10000 |
Juniorsamling på Osterøy |
OSDL og Nordhordland spel- og dansarlag |
15000 |
Kurs i danseteknikk |
Bergen Ul. Ervingen |
5000 |
2. Representant til rådet for Hardingfela.no
Hardingfela.no har invitert HFL til å stille med ein representant i rådet for Hardingfela.no. Dette synes styret er ein god idé og har sagt ja til invitasjonen. Representant for HFL vert i denne omgangen leiar for laget, Silje Solberg.
3. Møtereferat
Referat frå styremøta skal verte sendt ut til alle medlemslaga i tillegg til at dei er tilgjengeleg på nettsida til HFL. Det skal òg verte sendt til FolkOrg.
4. Dommarkurs
Styret i HFL er positive til å vera med og samarbeida med Folkemusikklaget i Sogn og fjordane og FolkOrg om å få arrangert eit dommarkurs i Vestlandsregionen.
5. Dommarar til Vestlandskappleiken
Alle dommarane som HFL skal finne til Vestlandskappleiken er no på plass.
Referent: Irene Bjørke