Styremøte nr.4, 2010

Styremøte nr. 4/2010
Dato: 16.11.2010

Styremøte nr. 4/2010

Dato: 16.11.2010

Referent: Silje Midtbø Vevle

Til stades: Per Øyvind Tveiten, Silje Midtbø Vevle, Åse Teigland Forfall: Mari Ormberg

Ikkje innkalla:Kari Malmanger

 

1. Referat frå forrige møte

Vart godkjend og underskrive.

a) Drøftingar angåande Vestlandskappleiken:

  • Eit godt gjennomført arrangement.
  • Deltakinga var totalt litt over fjoråret,- litt ujamt med i klassane. Sen.spel hardingfele og lagdans jr. hadde t.d. god deltaking – dans senior få. Samla sett kan deltakinga blir betre, men den var avgjort god nok til at kappleiken hadde godt og underhaldande innhald!
  • Neste år blir Gaular spelemannslag og Dalsfjorden spelemannslag tilskipar. Kappleiken vert på Sande
  • Me bør ha arrangør for 2012 klar innan neste års kappleik, slik at dette laget kan stille med observatørar.
  • Vedtekter for Vestlandskappleik (revidert i 1999) vart utsende som vedlegg til referatet frå leiarmøtet som var i samband med VK10. Av vedtektene går m.a. fram at o Fylkeslaget og tilskiparlaget deler overskot/underskot med hhv. 15 og 85% o Deltakarar frå andre distrikt stiller i eigne gjesteklassar. Gjennomgang av vedtektene er eit aktuelt tema ved felles møte med S&Fj.
  •  

b) Infoskriv frå HFL til alle lokallaga

  • Infoskriv frå HFL nr. 3 vart sendt ut i etterkant av kappleiken, o mellom anna med påminning om søknadsfrist for å søke om stønad .

 

2. Innkomne søknader

a) Søknad om stønad til dekking av kursavgift (Mokurs, 2010): 3 søkjarar

  • får tildelt kr.1000,- kvar som stønad.

b) Bergen ungdomslag Ervingen: søker om kr. 6000,- til ei spelesamling

  • får tildelt kr. 5000,-

c) Bergen ungdomslag Ervingen og Bygdedanslaget i Bjørgvin: søker om kr. 7500 til gjennomføring av helgekurs i Telespringar

  • Får tildelt kr. 5000,-

d) Osterøy Spel- og Dansarlag: søker om kr. 5662,- å få dekka økonomisk underskot etter tidlegare arrangerte dansesamlingar for born, i tillegg til kr. 5000,- til ei ny samling i november

  • Osterøy Spel- og Dansarlag har enno ikkje har fått overført kr. 10.000 som vart løyvd i 2009. Summen vil no bli overført og kan såleis dekke inn underskot etter tidlegare gjennomførte samlingar, og tilskot til novembersamlinga.

e) Osterøy Spel- og Dansarlag: søker om kr. 20 000,- til skuleprosjekt i grunnskulen

  • Får tildelt kr. 15 000,-

f) Osterøy Spel- og Dansarlag: søker om kr. 5000,- til kurs i gamaldans for vaksne

  • Kurs avlyst.

 

3. Årsmøte i FolkOrg 19.-21.nov., i Bergen

-Eit viktig møte 

-Per Øyvind er utsending frå HFL.

-Møte for områdelaga fredag.

-Nytt namn og nye vedtekter er m.a. viktige tema.

-Nokre synspunkt:

  • Tillegg som er føreslege til føremålspargraf synest som eit godt framlegg.
  • Det bør presiserast om heiderlagsmedlemer har fritt tilgjenge på alle nivå (også lokale arr.)
  • Framlegga frå styret synest elles ikkje svært kontroversielle.

 

4. Økonomi/Rekneskap

a) Godtgjersle for styreverv

  • Det ligg styrevedtak frå 2006 om dette, der det framgår at
    • Leiar får kr. 2000,- Skrivar får kr. 900-, Kasserar får kr. 900,-
    • Ein har så langt ikkje funne noko årsmøtevedtak på dette.
    • Me beheld ordninga ut året, - 1.vara (Åse) har møtt fast og skal ha same godtgjersle. Ordninga bør drøftast mht.om det skal vera fastsum, i så fall storleik, evt.om godtgjersla heller skal knytast til antall styremøter el.a. Styret legg fram sak til årsmøtet om dette.

 

b) Økonomisk oversyn:

  • Brukskonto og kapitalkonto er no registrert på noverande leiar o Konto i Sparebanken Vest er ikkje gjort noko med. Per Øyvind fylgjer opp dette.
  • Per dags dato rundt 170 000,- på brukskonto. Etter dette styremøtet er det vidare løyvt til saman 76.000 som ikkje er utbetalt.

 

c) Justering av rekneskap:

  • Rekneskapet blir justert (føringsendring) slik at løyvingar, utbetalingar og ikkje utbetalte løyvingar framgår.
  • Me har budsjettert å løyve kr. 70 000,- i år.
  • Basert på søknadane me har motteke fram til dags dato, har me løyvd kr. 73000,- på 2010-budsjettet.
  • Dette inkluderer ikkje løyvingar som er førte i 2009 rekneskap men som kjem til utbetaling i 2010.

 

5. Aktivitetar

a) Fellesmøte med Sogn og Fjordane Folkemusikklag

  • Blir truleg 14. januar og eventuelt 15. januar
  • Moglege møtestader: Flåm eller Gudvangen.
  • Her vil me diskutere føresegner for Vestlandskappleiken, samt utarbeide ein generell mal for framtidige kappleikar.
  • Åse tar kontakt med årets arrangør for Vestlandskappleiken og får ei tilbakemelding frå arrangementet. Dette for at me skal ha noko å arbeide ut ifrå.
  • Vidare vil me diskutere eventuelle samarbeidsprosjekt mellom områdelaga.
  • HFL ønskjer å ha eit styremøte i samband med denne helga.

 

b) Hordamønstring:

  • Norhordaland Spel- og Dansarlag har takka nei til tilbod om å arrangere Hordamønstring i 2011.
  • Me har ikkje fått noko svar frå Osterøy Spel- og Dansarlag eller Voss Spelemannslag.
  • Per Øvind purrar på desse, og sender evt. førespurnad til andre aktuelle lag.
  • Me bør ha arrangør klar innan nyttår.

 

c) Ymse

  • Det bør vera mogeleg å løyva nokre kroner til i tilskot – ramme 10.000. Dette ut frå årsmøtet sine føringar om å tæra noko av kapitalen, og at 10.000 av løyvingane som er gjevne er oppfylgjing av vedtak frå 2009. Det blir difor gjeve ein ”ekstrafrist” for laga som ikkje har fått med sine tiltak- frist 31.12.2010.
  • Inof.skriv nr.4 blir sendt ut etter årsmøtet til FolkOrg.
  • Heimesida: CustomPublish har kontakta Silje vedr.ferdigstilling av heimesida (design,opplæring). Ho tek telf.kontakt med dei om det, evt.og FolkOrg for opplæring. o Neste styremøte: i samband med fellesmøtet med S&Fj. 14/15.jan. 2011.