STYREMØTE NR. 4 - 2011

Referat frå styremøte i HFL

Stad: Gimle

Dato: 30.11.11

Til stades: Per Øyvind, Sindre, Silje og Eva Marie

 

1. Referat frå førre styremøte - status.

  • Overskot frå VK no utbetalt
  • Silje har meldt seg som presseansvarleg til FolkOrg, men har ikkje høyrt noko meir frå dei.
  • Planlagt storkurs avlyst grunna lite påmelding
  • Heimeside oppdatert
  • HFL no på facebook
  • Arrangørlag for VK 2012 fastsett: Osterøy Spel-og Dansarlag i samarbeid med Osterøybelgen

 

2. Søknad om stønad – 6 innkomne søknader

    Om lag 40000,- kan delast ut i denne omgong.

    Fordeling:

  1.        BUL Ervingen – kurs i hardingfelespel
    1.     Søker om 10000,-
    2.     Får kr. 8000,-
  2.         BUL Ervingen – seminar i springleik
    1.     Søker om 9000,-  
    2.     Får kr. 8000,-
  3.         BUL Ervingen – Veslefrikk med fela
    1.     Søker om 5000,-
    2.     Får kr. 5000,-
  4.         Voss Spelemannslag – kurs i dans, song og 
    1.     Søker om 20000,-
    2.     Får kr. 17000,-
  5.         Kursdeltaking – Mokurset og UngFolk
    1.     Får 2000,-
  6.         Kursdeltaking – Mokurs
    1.     Får 1000,-

Utbetaling av tidlegare løyvde midlar:

  • Frå første tildeling:

o       Utbetalt: To tette og ei badehette, Kursavgift (Mokurs), Deltaking - Nordic Dance, Juniorsamling (Norhordland og Osterøy SDL), CD-prosjekt (Tørvikbygd).

o       Ikkje utbetalt: Osterøy Spel –og Dansarlag (rekruttarbeid, instruktørinnleiing)

    ·        Frå 2010:

o       Ikkje utbetalt: Osterøy SD (skuleprosjekt), Hardanger SL(USA-tur og kurs)

Dei fleste løyvingane som ikkje er utbetalte manglar rapportskriv. Dette bør i framtida sendast til ein fast person i styret, og samlast i ei vedleggsmappe som følgjer rekneskapet.

 

3. Aktivitetsplan

                                                               i.      30-års jubileum for HFL

                                                             ii.      September ein aktuell månad

    1. Fellesmøte med Sogn og Fjordane

                                                               i.      Få til eit nytt møte i byrjinga av året.

                                                             ii.      Forslag til dato: fredag 27.januar eller 3.februar?

                                                            iii.      Per Øyvind tar kontakt med Synnøve Bjørset og diskuterer tid/stad. 

                                                           iv.      Styremøte kan haldast i samband med dette.

    1. Seminar/forum med alle leiarane i lokallaga, der ein diskuterer og samordnar aktiviteten i fylket.

                                                               i.      Viktig å forhindre at arrangement i fylket kolliderer

                                                             ii.      Få oversikt over ”tilbod og etterspørsel” – er det noko me saknar?

                                                            iii.      Anna mogleg tema på samordningsmøtet: aktuelt for HFL å søkje på ”Bygda dansar” (i regi av RFF)?

1.      Kurstilbod til 8.klassingar. Rådet sender instruktørar, fylkeslaget må evt stille med spelemann.

2.      Allereie etablert i enkelte andre fylker.

                                                           iv.      Samordningsmøte kan kombinerast med ein av dansekveldane/ arrangementa i Gimle.

                                                             v.      Forslag til dato: lørdag 24. mars

    1. Styremøter neste halvår:

                                                               i.      27. eller 3. februar (i forbindelse med samarbeidsmøte – Sogn)

                                                             ii.      24. mars (i forbindelse med leiarmøte/forum)

    1. Årsmøte: Aktuelt med årsmøte veka etter samordningsmøtet, då det kan dukke opp tema på samordningsmøte som kan vere aktuelt å ta opp her.

                                                               i.      Forslag til dato: onsdag 28.mars.

 

 4. Ymse

·        Samanslåing av LK og LF. Kva meiner me om dette?

o       Utval som har vurdert begge som velfungerande arrangement, men foreslår samanslåing.

o       Ønske om å profesjonalisere, starte med kvalifisering på lokalt/regionalt nivå, innføre NM-tittel, auke teknisk kompetanse hos arrangørlaga m.m.

o       Styret nyttar litt tid til å lese rapport frå utvalet, og Per Øyvind formulerar ei ytring om kva som er den generelle oppfatninga i styret. Høyringsfrist 15/12.