STYREMØTE NR. 4-2012/2013

13.2.2013

Møtestad: Gimle

Frammøtte: Per Øyvind Tveiten, Sindre Vatnehol, Sigrid Gjelland og Svein Inge Hovland (ref.)

Sak 16/13 Referat frå forrige styremøte vart gjennomgått av Per Øyvind. Frå HFL deltok Per Øyvind i gravferda til Randi Smørholm. Nye søknader om tilskot vert behandla innan 1. juni. Per Øyvind informerer søkjarane.

Budsjett for 2013: Resultatet for 2012 viser underskot. Noko av dette kan forklarast med etterslep frå året før. Budsjettet for 2013 er sett opp slik at resultatet skal gå i balanse. Eigenkapitalen bør ikkje reduserast meir, og nye tilskot til laga i 2013 vil difor bli svært begrensa-budsjettposten går i all hovudsak med til å dekka inn løyvingar frå 2012. Budsjettframlegget har og med noko midlar for å starta opp det føreslegne "Nettverk Hordaland Folkemusikkopplæring". Resultatet frå VK12 er ikkje levert og evt. overskot frå den vil koma på 2013- rekneskapen. Det er gjort framlegg om å auka medlemskontingenten til kr. 25,-.

Sak 17/13 Årsmelding: Per Øyvind las årsmeldinga og orienterte om årsmøtet. Årsmeldinga vart godkjend.

Sak 18/13 Til årsmøtet er det meldt inn følgjande saker:
- Nettverk Hordaland folkemusikkopplæring - Søknad om "Bygda dansar" 2014-2017
- Endring av kontingent

Sak 19/13 Årsmøtet finn stad i Gimle, Kong Oscarsgt. 18 (3. etasje), onsdag 6. mars kl. 18.00. Sindre kjem med revidert rekneskap. Svein Inge skriv referat frå møtet.