STYREMØTE NR. 4-2013

Styremøte HFL 07.11.13

Deltakarar: Ann Kristin Kjærland på mail, Johanna Mjeldheim og Tuva Bolstad på Skype.

Saksliste:

  • Fordeling av midlar etter søknadsfristen 1. november 2013.
  • HFLopplæring
  • VK13 og VK14
  • Bygda danser

 

Fordeling av midlar

HFL har lite midler til å løyve ut i år fordi Årsmøtet har vedtatt å sette av kr 15 000,- til oppstart av «Nettverk hardingfeleopplæring» og ein økonomisk buffer til prosjektet «Bygda danser». Me får difor diverre ikkje delt ut så mykje me ynskjer til alle dei gode formåla det er søkt midler til. Me vel å prioritere opne tilbod for born og unge som retter seg mot heile fylket.

  1. Bergen Ungdomslag Ervingen søker om kr 15 000,- til dansesamling for ungdom. Det vert løyvd  kr 10 000,-
  2. Bergen Ungomslag Ervingen søker om kr 9000,- til kurs i hallingspringar. HFL vedtek å dekke opp til kr 5000,- av eit eventuelt underskot.
  3. Bergen Ungdomslag Ervingen søker om kr 5000,- til intern instruktørsamling for laget sine instruktørar. Det vert ikkje gitt noko i løyve til dette tiltaket.
  4. Bergen Ungdomslag Ervingen søker om kr 8000,- til internt spelekurs i laget. Det vert ikkje løyvd midlar til dette.
  5. Berit Kindingstad Vågen søker om kr 6400,- for kurs til Karina og Kjersti Kindingtsad Vågen. Dette vert det ikkje løyvd midlar til.
  6. Voss Spelemannslag søker om kr 17 000,- for spelekurs for born og ungdom. Det vert løyvd kr 12 000,-

 

HFLopplæring

Styringsgruppa i HFLopplæring består av Elna F. Selle, Kristoffer Kleiveland, Johanna Mjeldheim og Tuva Bolstad.

Gruppa har som formål å få til eit samarbeid som kan binda kommunane i fylket si folkemusikkopplæring saman. Me ønsker å oppnå eit betre samarbeid mellom kulturskule, folkemusikklag og lokale krefter. Dette består blant anna i å danne eit faglig nettverk som er opent for alle som driv med folkemusikk og folkedansopplæring.  Eit felles repertoar i opplæringa er eit av elementa i dette nettverket. Felles kurs for instruktørane i fylket vil og bil ei satsing.  Målet er å få eit meir sammensveisa folkemusikkmiljø på tvers av kommunane. I arbeidet med born og unge vil me bruke allereide eksisterande arenaer (kurs og kappleikar). Nokon av kursa vil fungere som «knutepunkt-kurs». Desse ønsker me i lag med aktørane, å utvikle til eit breidare tilbod med tanke på fleire ulike kurstilbod og eit større geografisk målgruppe-område. Me ønsker og å få i gong oppstart av opplæring i nye område.

Gruppa har til no hatt eit møte der dei har vedteke å danne ein digital plattform som skal fungera som informasjonskanal mellom HFLopplæring og dei ulike opplærings-instansane.

  • HFL si heimeside vil fungere som ein felles digital møtestad, der det i større grad enn i dag vert delt informasjon om kurs og aktiviteter i lokallaga i fylket. Kurskalenderen og oppslag om kursa vil være sentrale.
  • Ein ny knapp til kontaktinformasjon til dei ulike aktørane for opplæring vil komme opp på HFL si heimeside.
  • Gruppa vil bygge ein database med e-postadressene til alle aktørane som driv med opplæring i fylket. Dette vil fungere som ein kommunikasjonskanal mellom HFLopplæring og aktørane.
  • Ein drop-box for utveksling av felles repertoar vil bli sendt ut til aktørane.

 

Meir informasjon vil komme på HFL si heimeside.

 

VK13 og VK14

VK13 i Førde vart bra gjennomført. Johanna Mjeldheim deltok som representant frå HFL. Ho var og på leiarmøtet, der dette blei konkludert: «Gamlebanken spelemannslag fekk honnør frå alle, for at dei hadde vore gode tilskiparar som hadde løyst problem dei fekk i fanget på ein god måte, som ikkje nådde publikum. Dei fekk ros for tilboda dei hadde jobba fram med hotellet og på den blide og smilande måten dei tok i mot både deltakarar og publikum på.  Ein god kappleik, der tevlingskonserten vart trekt fram som eit stort høgdepunk, slik den var lagt opp.

Hordaland Folkemusikklag informerte om at Hardanger spelemannslag vil skipe til VK i 2014 i Granvin. Tidspunkt ikkje avgjort endå.»

Du kan lese meir om gjennomføringa av kappleiken på eige referat under lenka «Vestlandskappleiken» merka «Leiarmøte VK13».

 

Bygda danser

Johanna vil innkalle til møte med gruppa som skal søke om midlar til dette prosjektet, før jul.

 

Referent: Tuva Bolstad