Kontaktinfo
HORDALAND FOLKEMUSIKKLAG
Telefon: 90844662
Epost:
Styremøte nr. 5 - 2010/2011
15. januar 2011
Til stades: Per Øyvind, Åse, Kari, Silje Stad: Aurland Fjordhotell
1) Innkomne søknader:
HFL har hatt to søknadsrunder i 2010. I tillegg vart ein satt ein ekstra søknadsfrist i romjula. Det kom då inn til tre nye søknader:
• Dansegruppa ”To tette og ei badehette” – får ikkje innvilga stønad, då dette er eit lukka arrangement.
• Hardanger spelemannslag, kurset ”alt pao ein gong” – tildelt kr.12 500,-
• Hardanger spelemannslag, tur til USA – tildelt kr.12 500,-
2) Økonomi:
• Det er framleis ikkje kome utskrift frå konto i Sparebank1, men Ragnar Birkenes har funne fram til kontonummer. Reknar med at dette i alle høve er klart til årsmøtet.
• Førebels rekneskap gjennomgått på møtet.
3) Hordamønstring 2011
• Me har enno ikkje funne arrangørlag til Hordamønstringa. Arrangementet var planlagt gjennomført siste helga i mars. Dette viser seg å kollidere med kurs i Granvin. Me byrjar å få dårleg tid, og vurderer difor å utsette Hordamønstringa til 8.april. Då vil eit eventuelt arrangørlag ha betre tid til å førebu arrangementet.
• Eit anna alternativ er å høyre med Hardanger Spelemannslag om dei kan ”døype om” sitt kursarrangement slik at det inkluderer ei form for kappleik/mønstring.
• Me bør ha klart arrangørlag for Vestlandskapleiken 2012 på årsmøtet.
4) Årsmøte
Vert halde i samband med Hordamønstringa: enten fredag 25.mars, eller eventuelt utsett april dersom Hordamønstringa blir utsett. Per Øyvind skriv eit framlegg til årsmelding.
Nokre saker som bør vere på sakslista under årsmøte:
• føresegnene for Hordakappleiken, med framlegg til endringar
• føresegnene til HFL, med framlegg til endringar. Stikkord:
• styregodtgjersle
• skrivefeil, i tillegg må LFS endrast til FolkOrg
• ikkje nødvendig at alt skal sendast i papirformat (til dømes referat til lokallaga etter kvart styremøte - dette vert nettpublisert).
• presisere overgangsordningar ved etablering av nytt styre
• stryke paragrafen om ”Rådet” • andre saker me finn grunn til å behandle
5) Aktivitetsoppsett for 2011:
• Bør fastsetjast snarleg.
• Søknadsfristar for stønad 1.juni og 1.november.
6) Ymse
• Samarbeidsmøte med Sogn og Fjordane folkemusikklag var gjennomført på Aurland Fjordhotell 14. januar.
• HFL bør i det nye arbeidsåret engasjere seg meir i drifta av Bjørndal-samlinga, og undersøke nærare korleis bemanninga er der.
• Me held eit styremøte til før årsmøtet, når me veit når/om det vert Hordamønstring.