Styremøte nr. 5 2011/2012

 
STYREMØTE NR.5 -2011/2012

Referat frå styremøte i HFL

Stad: Allegaten 55

Dato: 6.02.2012

Tilstades: Per Øyvind, Sindre, Eva Marie, Åse

 

1.      Referat frå førre styremøte:

a.        Referat frå møte 4. gjennomgått, godkjent.

2.      Status februar:

a.       restanser 2010 tildelte stønader:

Tilskot Hardanger spelemannslag/tur USA er ok. ,utbetalast

       Tilskot Osterøy, danseprosjekt, ber om rapport.

b.       Rekneskap: ikkje avslutta, ser førebels ut for eit underskot på knapt 20.000. Det er kome melding om løyving på 64.000 frå Hordaland fylkeskommune for 2012.

c.       Storkurs: planlagt kurs 2011.diverre avlyst. Meir effektiv marknadsføring (direkte på aktuelle deltakarar) og tidlegare låsing av dato/tema hadde vore bra. FolkOrg sitt planlagde kurs vil dekka ”storkursbehovet” i 2012

d.        Moment til årsmelding: mykje godt arbeid i laga, men det er rom for betring , særleg innan dans. Aktuelt tema på samrådingsmøte! 

3.      Plan vidare i 2012:

a.       Årsmøte: Bergen/Gimle : 28.mars kl. 18:00 . Utsending årsmøtepapir til laga i veke 10.

b.       Samrådingsmøte/temamøte med laga: tek dette i samanheng med årsmøte, etter ordinære årsmøtesaker. Reknar avslutning ca. 21:30. Tema: satsingsområde/fokus for HFL. Samordning av aktivitetar mellom laga og mellom laga og HFL.

c.       FolkOrg legg ein ”light-versjon” av Folklarm til Bergen 21-23.sept., inkl.kursaktvitetar. Vi viser her til utsend info.frå FolkOrg .Laga blir bedne om innspel til aktuelle tema! HFL ser det som ynskjeleg med dommarkurs. I samband med dette arrangementet vil det vera behov for hjelp til ”praktisk gjennomføring” frå laga i Hordaland. HFL/leiar kontaktar FolkOrg for nærare definisjon av behovet.

d.       Jubileum: HFL blir 30 år i 2012, og vi satsar på ei høveleg feiring. Dato: 17.november

Stad er ikkje fastsett – vi tek mot framlegg ! (avgjerd seinast på årsmøte).

e.       Samrådingsmøte med Sogn & Fjordane fml.: blir fastsett når nytt styre der er på plass

 
 
Ref. Per Øyvind Tveiten