Styremøte nr.6 (2010/2011)

14. februar 2011

Til stades: Per Øyvind, Åse og Silje

1) Årsmelding:

Framlegg til årsmelding vart gjennomgått

- I følgje vedtektene skal arbeidsåret følgje kalenderåret. Styret har hatt 4 styremøter dette kalenderåret, og 6 styremøter innan neste årsmøte. Semje om å presisere dette i årsmeldinga, og foreslå endring i vedtektene.

- I framtida bør ein nummerere sakene som vert behandla i løpet av eit arbeidsår.

 

2) Rekneskap:

- Det har blitt oppretta ein eigen post i rekeskapet, der kasserar har ført opp alle løyvingane frå 2009 som ikkje hadde blitt utbetalt innan 2010-styret overtok.

- Pengar som har vore oppført som ”i kasse” (kr.201,-) er no ført som tap, då denne kassen ikkje har latt seg spore opp.

- Ubetalte løyvingar for arbeidsåret 2011 er ført opp som gjeld.

 

3) Årsmøte

- Vert laurdag 2.april kl.17.00 i Gimle.

- Per Øyvind lagar eit framlegg til innkalling.

 

4) Saker til årsmøte

- Sjå dagsorden på årsmøte (føresegner, §4)

- Framlegg til endringar av føresegner for Hordakappleiken

- Framlegg til endringar av føresegner for Hordaland Folkemusikklag

- Endringar markerast i gamalt dokument, og kan slik samanliknast opp mot tidlegare føresegner.

- Styregodtgjersle:

o Manglar eit årsmøtevedtak i forhold til dagens praksis.

o Framlegg til vedtak: Styremedlem får ein fast sum per styremøte ein møter på (leiar noko meir). Dette til dekking av udokumenterte utgifter (kopiar, telefon osv). Reiseutgifter kjem utanom.

- Arbeidsprogram for neste arbeidsår bør innehalde:

o Søking av stønad - Hordaland Fylkeskommune

o Minnepris – orientere styret for minneprisen, legge ut info på heimeside

o Utløysing og fordeling av stønad o Informasjon (nettside, infoskriv)

o Vestlandskappleiken 2011 og 2012 (skaffe arrangør)

o Hordamønstring 2011 og 2012

o Storkurs – november 2011

o Vidare samarbeid med Sogn og Fjordane Folkemusikklag, evt. og med kulturskulane

 

5) Hordakappleiken

HFL har ikkje lukkast i å finne arrangør for Hordakappleiken 2011.

 

6) Storkurs til hausten

- Under samarbeidsmøtet med Sogn og fjordane folkemusikklag kom ein fram til at laga vil arbeide for eit årleg storkurs for begge fylka, gjerne i november, arrangert i det fylket som ikkje arrangerer Vestlandskappleiken inneverande år.

- I tillegg til å innehalde spel/dans/kveding, kan det og vere aktuelt å arrangere eit kurs i søknadsskriving, dommarkurs eller liknande.

- Silje tar kontakt med Montana Vandrerhjem, og undersøker pris, kor tidleg ein eventuelt må booke osv.

 

7) Oppdateringar/referat/heimeside

- Det blir sendt ut eit nytt infoskriv før årsmøtet.

o Lag som er interesserte i å arrangere Vestlandskappleiken 2012 blir då bedne om å ta kontakt. Dersom ingen melder seg lyt ein ta kontakt med einskilde lag.