Tilskotsmidlar til folkemusikk og folkedans i Hordaland

Dans.jpg

Fire gonger i året deler Hordaland Folkemusikklag ut økonomiske tilskot til folkemusikk- og folkedansprosjekt kringom i fylket. Dei prosjekta som vert prioriterte i utdelingsrundane er tiltak som rettar seg mot born og unge, særskild opplæring og som famnar om mange, men ein oppmodar alle slags prosjekt om å søkje! Den totale summen HFL har til disposisjon til utdeling varierer frå år til år. 

Søknaden skal innehalde ei skildring av prosjektet ein søker midlar til og kven målgruppa er, eit budsjett for utgifter/inntekter og kontaktinfo til søkar. Søknaden sender du til HFL på e-post: post@hordalandfolkemusikklag.no

Søknadsfristane er 1. februar, 1. mai, 1. august, og 1. november

Ikkje nøl med å ta kontakt viss du lurar på noko i samband med å søke midlar!