Ungdomskurs på Voss 7.-9. februar

- med fokus på ulike samspelformer

Strekfigurar som spelar

7-9. februar 2014 er det på Voss det skjer! Er du 10 år eller eldre og har spela, sunge eller dansa i meir enn 2 år, vert det denne helga kurs i song, toradar og hardingfele.

Dette året får me besøk av elevar frå Edinburgh, med to instruktørar som vil undervise. Det blir eit spennande treff.

For dei som spelar instrument vil det verta lagt vekt på å spela enkle stemmer, ostinat og rytmemotiv til melodiar.

Me skal bu på Voss Vandrarheim, som er 5-10 min å gå frå
Voss Husflidskule der sjølve kurset vil vera. Me tek og ein skitur på sundagen (langrenn).

Instruktørar på kurset:

Toradar:
Rannveig Djønne
 

Song:
Kari Finne Sognnæs
 

Hardingfele:
Frank Rolland, Einar Mjølsnes, Håkon Høgemo, Steinar Rygg,  Mike Vass og Sally Simpson

Rytme:
Åsmund Espeland

 

Program:

Fredag

1800                             Mat

1800-1930                Innkvartering/kursregistrering

1930-21                                  Kurs

 

Laurdag

10-13                           Kurs

13-14                           Lunsj

14-17                           Kurs

1730                             Middag

2000                             Samspel for kvarandre

                                        Dans for alle
 

Sundag

10-1130                                  Kurs

1130                             Lunch

1230                             Ski for dei som vil

 

Praktisk informasjon
 

Påmelding:
Innan 15. januar til Ragnhild Blikberg: ragbli@gmail.com

 

Kursavgift: kr 600,-

 

Pris for mat/overnatting: Frå ca. 1000,- per person.  Dette betalar de rett til Ungdomsherberget.

 

Meir informasjon finn du på http://www.vosspelemannslag.no