VELKOMEN TIL VESTLANDSKAPPLEIK 2012, PÅ OSTERØY

Det vert i år ein «ny vri» på vestlandskappleiken.

LogoMe legg opp til ein kombinasjon av den vanlege kappleiken og runddansdansklassar.
I tillegg til å tevla i dei vanlege klassane, vil me og prøve å skape ei god oppleving for dei små, rekruttane, som kjem til Osterøy. Me jobbar difor med å skipa til musikkverkstad for born, og ein sjokoladekappleik.




Osterøy Spel- og Dansarlag og OsterøyBelgen er i år arrangørar av Vestlandskappleiken. Møteplass og tevlingsstad denne gongen er i Lonevåg på Osterøy.

Hovudnemnda legg opp til ei innhaldsrik tevlingshelg. Det vert tevla i fleire klassar, og i mange aldersgrupper.

Kveldssamlingane vert nytta til dansespel, kanskje med finalespel? Det vert familiedans og festivalpub, og få minutters gangavstand mellom arenaane. Det vert og lagt opp til ”tett-på-konsertar” der profilerte musikarar vert hovudattraksjon.

Vestlandskappleiken er ein landsdelskappleik for fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

Føremålet til Vestlandskappleiken er å vera ein sosial og musikalsk møtestad for deltakarar, andre utøvarar innan folkemusikk og –dans, samt andre interesserte. Gjennom ei slik samling søkjer ein å styrka interessa for, kjennskapen til og kunnskapen om folkemusikken og -dansen i vestlandsregionen.

Det vert i år ein «ny vri» på vestlandskappleiken, der me nok vil få oppleve meir toradarspel, enn kva me vanlegvis er vane med. Me legg opp til ein kombinasjon av den vanlege kappleiken og runddansdansklassar.

I tillegg til å tevla i dei vanlege klassane, vil me og prøve å skape ei god oppleving for dei små, rekruttane, som kjem til Osterøy. Me jobbar difor med å skipa til musikkverkstad for born, og ein sjokoladekappleik.

Fjordslottet i Fotlandsvåg vert årets kappleikshotell!! Det vert sett opp bussar mellom hotellet og kappleiksarenaen. Det vert og mogleg å sove i klasserom, på kappleikscampen eller privat innkvartering for dei som ynskjer det.

Me treng hjelp av så mange som mogleg, til å spreie bodskapen om årets VK-12. Me vonar difor at de som leiar og administrerer lokallaga, kan vidaresende vedlagte informasjon til medlemmane, og oppmoda dei om å setje av helga 5.-7. oktober.


Sjekk nettsida til OSDL: www.osdl.no og følg oss på Facebook.


PÅMELDINGA ER NO OPEN! Logg inn på www.osdl.no og følg linken til Vestlandskappleiken.





Med venleg helsing


Hilde Midtbø, leiar Hovudnemnda VK-12