Velkomen til Vestlandskappleiken i Askvoll

VK2017

Folkemusikklaget Havbrusen og Gaular Spelemannslag ynskjer velkomen til kappleik i Askvoll 13.-14.oktober.

Arrangørane Folkemusikklaget Havbrusen og Gaular Spelemannslag håpar songarar, dansarar og spelekvinner og -menn strøymer til frå fjern og nær for å delta. Ikkje sidan 1981 har Askvoll vore samlingsstad for ein kappleik, men med bru over Dalsfjorden og ekspressbåtrute til og frå Bergen ligg tilhøva godt til rette for tilreisande deltakarar.

Hjarteleg velkomne til ei triveleg helg i ytre Sunnfjord!

Vitj Vestlandskappleiken.no for oppdatert informasjon framover.