Vestafolk - ei ny satsing frå Førdefestivalen

Ønskjer du å arrangera VestaFolk-konsert med Ragnhild Furebotten Trio?

Ranghild Furebotn Trio - med VestaFolk-logo

Våren 2021 starta Førdefestivalen ei ny satsing som leggjar av folkemusikkturnéar i Vestland fylke. Satsinga har fått namnet VestaFolk, og går ut på å gjera det enklare for små og mellomstore arrangørar å arrangera fleire folkemusikkonsertar i fylket.

Ved å tilby ferdige produksjonar til subsidiert pris vil satsinga utvida konserttilbodet i Vestland, gje fleire speleoppdrag til musikarar og i tillegg bidra til rekruttering til sjangeren. Sagt med andre ord: VestaFolk skal gje meir folkemusikk til folket!

 

Førebels blir det lagt opp til 2 turnéar i året, ein på vår og ein på haust, kvar med inntil 5 konsertar. No er me utruleg glade for å kunna presentera den neste turnéen i rekkja, nemleg Ragnhild Furebotten Trio.

Ragnhild Furebotten Trio

Ragnhild Furebotten er kjend for dei fleste som felespelar og komponist i Hekla Stålstrenga, men gjennom hennar 19 år som musikar har det heile tida vore viktig for henne å gjera eigne soloprosjekt. Furebotten likar å tenkja nytt og tenkja ut nye musikalske konstellasjonar. Fokuset har alltid vore å skapa seg ein tydeleg eigenart og ei tydeleg stemme i det nordiske folkemusikklandskapet.

Trioformatet er ein favoritt, og to av av dei 17 platene Ragnhild Furebotten har gjeve ut, er i dette formatet: Endelig vals frå 2007 og Klopper frå 2019. Covid sine uransaklege vegar gjorde at trioen frå 2007 vart samla igjen i 2021, med Ragnhild Furebotten, Frode Haltli og Gjermund Larsen. Og det er denne samansetjinga vi no sender ut på ein akustisk VestaFolk-turné i regi av Førdefestivalen. Med seg har dei i hovudsak repertoar frå begge trio-platene med musikk komponert av Ragnhild Furebotten.

Turnéperiode: måndag 13.september – fredag 17.september 2021

Lokal arrangør dekker:

  • Eigendel konsert: 5000,-
  • Middag på konsertdagen og overnatting inkl. frukost til artistane.
  • Lokal marknadsføring/annonsering og TONO-avgift.

Førdefestivalen:

  • ordnar kontrakt og reiselogistikk med artistane.
  • sender ut promopakke med foto/video/lyd, tekstar, plakatar (fysisk og for nedlasting).
     

Ønskjer konsertscena di å arrangera VestaFolk-konsert med Ragnhild Furebotten Trio?

Ta kontakt med VestaFolk/Førdefestivalen alt no og meld inn kva konsertdatoar som passar for dykk. Dei held seg til først-til-mølla-prinsippet, men må sjølvsagt ta atterhald om at turnéen må henga i hop ut frå geografiske avstandar og andre faktorar som kan spela inn.

Spørsmål kan rettast til:
Produsent Ingebjørg Nomeland
produsent@fordefestival.no