VINNAR AV AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS - 2011

15 år gamle Mathilde Skjæret frå Jostedalen fekk denne helga tildelt Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris. Prisen på kr.10  000,- og diplom vart utdelt i samband med Vestlandskappleiken i Sande.

 

    

Grunngjevinga for tildelinga av prisen: 

Mathilde er ein ung, energisk og talentfull utøvar som er fødd i 1996. Ho begynte å spele hardingfele allereie som 7-åring. Ho har vore nyfiken på slåttemusikken og svært ivrig etter å lære. Mathilde har ei veldig god musikkforståing og spelet hennar har preg av at ho musiserar og formidlar med innleving, kraft og kreativitet. Ho fengar publikummet sitt med å gi spelet eit eige og personleg utrykk. 

Prismotakaren har vore ivrig deltakar på kappleikar og festivalar og ho spelar både som soloartist og i gruppespel. Ho har markert seg som ein spennande utøvar i samspel med spelmenn på andre instrument og ho har laga eigne arrangement på slåttar. I eit slikt samspel deltok ho i ”Ung energi”- prosjektet på Førdefestivalen, og ho har delteke på UKM, Ungdommens kulturmønstring. 

Mathilde har hatt Harald Hesjevoll som lærar gjennom musikkskolen, og ho spelar framleis hos han. Gjennom musikkskolen spelar ho òg hos Synnøve Bjørset. I tillegg har ho vore deltakar på utallige sommarkurs på Mo og i det lokale spelmannslaget. Slik har ho fått undervisning frå mange gode hardingfeleutøvarar, der Håkon Høgemo blir nemnt som ein som har vore ein viktig inspirator. Mathilde spelar mest norsk folkemusikk, men er også innom andre musikksjangre på instrumentet sitt.

Om Audhild Flaktveit Moxnes`minnepris

Formålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele og dansa folkedans. Audhild omkom i ei trafikkulykke 19. mars 2004, 17 år gammal. I styret for minneprisen sit: Solgunn Margaret Flaktveit, Sigrid Therese Moldestad, Vegard Opheim og Eva Marie Toppe.

 

Tidligare vinnarar er:

Ingeborg Bringslid (2010)

Maria Skjeldrum Toppe (2009)

Erlend Apneseth (2008)

Alexander Aga Røynstrand (2007)

 

For meir informasjon om prisen, sjå www.bergen.ungdomslag.no/minnepris