VINNAR AV AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS - 2013

Marta%2BLindvik

Marta Lindvik fekk Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris for 2013.

Marta Lindvik frå Ulvik er tildelt Audhild Flaktveit Moxnes minnepris for 2013. Prisen er på 10 000kr, og vert kvart år utdelt til ein lovande hardingfeleutøvarar som er 18 år eller yngre. Prisen vart utdelt under tevlingskonserten på Vestlandskappleiken. Vi gratulerer!

 

 

Styret si grunngjeving:

Prisvinnar starta å spela fele i kulturskulen 7 år gamal. Seinare vart utøvaren ein del av miljøet i spelemannslaget på heimstaden sin.

Prisvinnaren har vore aktiv på kappleikar og har fleire fine plasseringar i yngste klasse, klasse C. Prisvinnaren har saman med fleire jamaldringar drege i gong vårkonsertar der vaksne og godt etablerte spelemenn har delteke. I det heile står prisvinnaren for ei positiv og inspirerande haldning og stå-på-vilje både med sitt eige felespel og som inspirator og sosialt midtpunkt i folkemusikkmiljøet der vedkomande bur. Prisvinnaren viser stor interesse for folkemusikken og har fleire oppdrag i heimkommunen og distriktet forøvrig.

Årets prisvinnar er idag elev på musikklinja på Voss Gymnas og har spelemannen Knut Hamre som lærar.

Prisvinnaren er teken opp i Masterclass. Eit nytt opplegg der vaksne og godt etablerte spelemenn kan søkje om å få undervisning.

Styret i Audhild Flaktveit Moxnes sin Minnepris er stolte over å gje årets pris kr. 10.000,- til Marta Lindvik, frå Ulvik i Hardanger."

Dette skriv leiaren i Sogn og Fjordane Folkemusikklag, Antonia Karethe Haugen Kongsvik.

Hordaland Folkemusikklag gratulerer den unge prisvinnaren!