Webarkiv folkemusikk!

Frå musikkarkivar  Karl Peder Mork i Vestland fylkeskommune har vi fått slik info.--- klikk inn og prøv!!

Seksjon arkiv i Vestland fylkeskommune publiserte i november eit webarkiv der vi tilgjengeleggjer samlinga vår av lydopptak med folkemusikk. Denne samlinga består av i overkant av 15 000 klipp. Klippa er frå gamle Sogn og Fjordane, sidan det var i dette fylket innsamling og bevaring av musikktradisjonane var lagt til fylkesarkivet. I webarkivet kan ein søke på person, kommune, instrument og så vidare. Webarkivet er finn de her: https://musikk.fylkesarkivet.no/

Det er sjølvsagt eit mål å samle meir materiale frå gamle Hordaland og leggje dette til samlinga. Korona-situasjonen har gjort det vanskeleg å gjera utetterretta arbeid, men samstundes er det ein prosess gåande på korleis vi skal organisere arbeidet for folkemusikken i fylket.