Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele vart i 2012 tildelt Nikolai Storevik frå Stryn i Nordfjord.

Minneprisvinnar 2012
Nikolai Storevik har synt ei særskild god utvikling siste åra. Prisvinnaren merkar seg ut med ein uvanlig sterk musikalitet og ei kreativ evne til å skape sjølv.

VELKOMEN TIL VESTLANDSKAPPLEIK 2012, PÅ OSTERØY

Logo

Det vert i år ein «ny vri» på vestlandskappleiken.

Me legg opp til ein kombinasjon av den vanlege kappleiken og runddansdansklassar.
I tillegg til å tevla i dei vanlege klassane, vil me og prøve å skape ei god oppleving for dei små, rekruttane, som kjem til Osterøy. Me jobbar difor med å skipa til musikkverkstad for born, og ein sjokoladekappleik.




AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS

Audhild

TILDELING HAUSTEN 2012

Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen.