Kontaktinfo
HORDALAND FOLKEMUSIKKLAG
Telefon: 90844662
Epost:
Årsmøte 15. mars
Årsmøte i Hordaland folkemusikklag vert tysdag 15. mars på Ole Bull-akademiet på Voss. Her finn ein sakspapira.
Våren på Columbi Egg
Gjennom vårsemesteret kan du oppleva både nasjonale og internasjonale utøvarar av ypperste klasse på folkemusikklubben Columbi Egg i Bergen.
Hordamønstring til våren
Bergen ungdomslag Ervingen inviterer til Hordamønstring laurdag 12. mars i Gimle i Bergen. Her vert det både sjokoladekappleik og kappleik for unge utøvarar, i tillegg til familiefolkedans og dansekveld i etterkant.
Vestlandskappleiken 2016 i Bergen
Vestlandskappleiken vert i 2016 arrangert i Bergen 30. september - 2. oktober.
Resultat frå Vestlandskappleiken 2015
Resultat frå Vestlandskappleiken som gjekk føre seg i Førde helga 9.-11. oktober.
Minnepris til ung felespelar frå Bergen
AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES MINNEPRIS 2015 er tildelt 17 år gamle Kårhild Husby Nordstad frå Bergen. Prisen, som er på 10 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken i Førde laurdag 10. oktober.
Bergen ungdomslag Ervingen fyller 10 år!
I høve tiårsjubileet for samanslåinga av BUL Bergen og BUL Ervingen, inviterer Bergen ungdomslag Ervingen til ei storslått feiring 16.-18. oktober i Bergen med kurs, dans og fest. Alle er velkomne til å vera med på feiringa!
Juniorsamling på Osterøy
Osterøy spel- og dansarlag og Nordhordland spel- og dansarlag skipar til Juniorsamling for hardingfelespelarar i Hordaland, helga 30. okt.-01.november 2015.
Kurs og minnekonsert for Jon Velure
I høve 100 års-jubileet til hardangerspelemannen Jon Velure, inviterer Hardanger Spelemannslag til kurs og minnekonsert på Lofthus 7. november.
Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris 2015
Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen.