Kulturskuletilbod i Hordaland

Strekfigurar som spelar_1000x382

I Vestland fylke har alle kommunane (43)kulturskuletilbod. I* eindel av desse er det og tilbod innanfor folkemusikk/folkedans - ofte då med eit samarbeid med lokalt spelemannslag el.dansarlag. For Hordaland sitt vedkomande er det 9 som pr. september 2023 har slikt tilbod. 

Det bør og nemnast  "Nøringen", eit unikt tilbod til 4-6 åringar som er i Voss og Hardangerkommunane. Det er eit samarbeid mellom kulturskulane i Hardanger og på Voss, Hardanger Spelemannslag, Voss Spelemannslag, Kvemmingen spel – og dansarlag og hardingfela.no

Årets Vestlandskappleik vert i Førde

Voss Spelemannslag - lagspel_350x233

Vestlandskappleiken 2015 vert arrangert av Indre Sunnfjord Spelemannslag, og vil gå av stabelen i Førde 9.-11. oktober.

Folkemusikk på Fløyen i sommar

sigridmoldestad_fotothomas-bruncomp-180x160[1]

Kombinér sommarens bytur med ei herleg konsertoppleving med kremen av norske folkemusikarar. Kvar veke i juli og august vert det folkemusikkonsertar oppe på Fløyen! 

Folkemusikk frå Hordaland på Spotify

Knut Hamre

Vil du oppdage folkemusikk og utøvarar frå Hordaland, eller berre høyre gamle og nye favorittar? No har me gjort det lett tilgjengeleg ved å samle folkemusikk frå Hordaland i ei speleliste på Spotify!

Minnekonsert for Jon Jelmert

jon

Osterøy Spel- og Dansarlag skipar til minnekonsert for musikklæraren og eldsjela Jon Jelmert, som ilag med si kone Marit Elisabet, så tragisk mista livet i ei bilulykke i januar 2013. Konserten vert halden på Osterøy museum sundag 19.oktober kl 16:30. 

Kine Svori vann Audhild Moxnes sin minnepris under Vestlandskappleiken 2014

DSC_1102 (2)

Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele 2014 vart tildelt Kine Svori frå Jostedal, Sogn og Fjordane.

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS TIL UNGE UTØVARAR PÅ HARDINGFELE

Audhild

Tildeling hausten 2014

Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen.

Vestlandskapppleiken 2014

kommuneskjold granvin

I år vert VK14 tilskipa i Granvin helga 3.-5. oktober. Meir info finn du på lenkene under: 

Vestlandskappleiken 2014

https://www.facebook.com/events/683984471637037/

VINNAR AV AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS - 2013

Marta%2BLindvik

Marta Lindvik fekk Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris for 2013.

Ungdomskurs på Voss 7.-9. februar

Strekfigurar som spelar

- med fokus på ulike samspelformer

7-9. februar 2014 er det på Voss det skjer! Er du 10 år eller eldre og har spela, sunge eller dansa i meir enn 2 år, vert det denne helga kurs i song, toradar og hardingfele.