Kontaktinfo
HORDALAND FOLKEMUSIKKLAG
Telefon: 90844662
Epost:
Teknikk, uttrykk, balanse, lytting og samdans
Haustens dansekurs nærmar seg. Velkomen til kurs med “Rotation och sväng” i Gimle helga 22.-23. oktober!
Minnepris til ung hardingfelespelar frå Kvam i Hardanger
AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES MINNEPRIS 2016 er tildelt Kjersti Kindingstad Vågen (18), frå Kvam i Hardanger. Prisen, som er på 10 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken i Bergen laurdag 1. oktober.
UngOsa på Voss
I samarbeid med Hardingfela.no inviterar Osafestivalen til storkurs for unge hardingfelespelarar, toradarspelarar, songararar og dansarar mellom 10 – 18 år. Påmeldingsfristen er 2. oktober 2016.
Juniorsamling for hardingfelespelarar
Osterøy spel- og dansarlag og Nordhordland spel- og dansarlag skipar til Juniorsamling for hardingfelespelarar i Hordaland, Osterøy helga 04. - 06.nov. 2016.
Meld deg på Vestlandskappleiken!
Helga 30. sept - 1. okt vert Vestlandskappleiken arrangert i Bergen. Det vert tevling, sjokoladekappleik, konsert og dans på kvelden. Påmeldingsfrist for tevling er 15. september. Om ein er snar får ein deltakaravgifta billegare viss ein melder seg på innan 1. september.
Hausten på Columbi Egg
Folkemusikklubben i Bergen, Columbi Egg, kan by på mange perler utover hausten. Her finn de konsertprogrammet.
Søker kandidatar til Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris for 2016
Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele vert i år delt ut for 10. gong. Styret for minneprisen ber om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen.
Nytt folkemusikkstipend i Hordaland
Hordaland fylkeskommune lyser ut stipend til utøving og arbeid med tradisjonsinstrument, vokal tradisjon og folkedans. Søknadsfrist 1. september.
Hordaland sterkt representert på Landskappleiken
Mange hordalendingar var med og tevla under årets Landskappleik i Vågå, og mange gjorde det skarpt. Her finn ein resultatlistene for årets landskappleik.
Vellukka Hordamønstring
Det var Bergen ungdomslag Ervingen som var arrangør då Hordamønstringa igjen vart arrangert i Gimle, laurdag 12. mars. Heile 152 enkeltdeltakarar fordelt på 62 startnummer deltok i mønstringa.