Minnepris 2021 til ung hardingfeleutøvar frå Osterøy

Audhild Minnepris Ingrid Sofie

Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris går til Ingrid Sofie Midtbø-Bruner!

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS  TIL UNGE UTØVARAR PÅ HARDINGFELE 2021 er tildelt Ingrid Sofie Midtbø–Bruner, født 2007, frå Osterøy.

Prisen, som er på 15 000 kroner, blei delt ut på Vestlandskappleiken i Granvin laurdag 9. oktober.

Juniorsamling i Haus 5.-7.nov 2021

Foto: Thor Hauknes

Bli med på hardingfelekurs på Osterøy!

Osterøy spel- og dansarlag og Nordhordland spel- og dansarlag skipar til Juniorsamling for hardingfelespelarar i Hordaland, helga 05.-07. nov. 2021.

UngOsa 2021

UngOsa 21

Velkomen til storkurs for born og ungdom på Voss 29.-31.oktober!

Er du glad i å syngje, eller kanskje du likar å dansa? Spelar du hardingfele, toradar eller eit anna instrument som t.d. gitar? Er du mellom 7 og 18 år? Om du svarar «ja» (på eit eller fleire av desse spørsmåla) så meld deg på årets UngOsa! Temaet for kurshelga er «Danseglede», og alle skal få lov til å anten spele, syngje eller danse til songen Danseglede. Kursa vil gå føre seg i lokala til Voss ungdomsskule. Overnattinga vert på Voss vandrarheim.

Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris - utlysing

Audhild Minnepris

Til unge utøvarar på hardingfele

Kjenner du aktuelle kandidatar til Minneprisen for 2021? Send inn forslag innan 17.september. 

Vestafolk - ei ny satsing frå Førdefestivalen

Ranghild Furebotn Trio - med VestaFolk-logo

Ønskjer du å arrangera VestaFolk-konsert med Ragnhild Furebotten Trio?

Våren 2021 starta Førdefestivalen ei ny satsing som leggjar av folkemusikkturnéar i Vestland fylke. Satsinga har fått namnet VestaFolk, og går ut på å gjera det enklare for små og mellomstore arrangørar å arrangera fleire folkemusikkonsertar i fylket.

Ved å tilby ferdige produksjonar til subsidiert pris vil satsinga utvida konserttilbodet i Vestland, gje fleire speleoppdrag til musikarar og i tillegg bidra til rekruttering til sjangeren. Sagt med andre ord: VestaFolk skal gje meir folkemusikk til folket!

 

Vestlandskappleiken 8.-10.oktober 2021

Harndager Spelemannslag LK17 heile

Etter eit år utan kappleikar har Hardanger Spelemannslag den store gleda av å invitera til Vestlandskappleik helga 8.-10.oktober 2021!  

UngLåt 2021

Unglaat_A4[95]1024_1

Sommarkurs for born og unge 6.-8.juli i Førde!

Er du mellom 9 og 18 år og driv med folkemusikk? Då må du melde deg på UngLåt som tilbyr kurs i hardingfele, fele, trekkspel, toradar og song med topp instruktørar.