Kontaktinfo
HORDALAND FOLKEMUSIKKLAG
Telefon: 90844662
Epost:
Dans, spel og song- alt pao ein gong!
Helga 8.-9. mars vert det kurs i folkemusikk og folkedans i Granvin. Og det er mogleg å få med seg gode konsertar og dansespel i same slengen!
Folkemusikkhelg på Osterøy
Helga 25.-26. januar kan du få med deg både konsertar, kurs og dans med meir på Osterøy!
Nyttårsfest i Trudvang
Hardanger spelemannslag inviterer til nyttårsfest i Trudvang i Granvin den 12. januar. I forkant av festen er det ope møte med informasjon om Landsfestivalen 2019 og Bygda dansar i Hordaland.
Den livsviktige leiken
Born og unge har ein kvardag fylt av stress og prestasjonsjag. Astri Sudmann brenn for å skape trygge og rause oppvekstmiljø, og meiner løysinga kan vere enkel: Meir leik. I haust vart boka hennar "Syng og leik i lag - 65 songleikar fro store og små" lansert under Osafestivalen.
Vinnarane av årets folkemusikkstipend
Under Osafestivalen vart årets folkemusikk- og folkedansstipend for Hordaland tildelt Knut Hamre, Amalie Kinsarvik Tvilde og Åsmund Øydvin.
Minnepris til ung hardingfelespelar frå Volda
AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS 2018 er tildelt 16 år gamle Åsmund Arnesen Farstad frå Volda. Prisen, som er på 15 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken på Voss laurdag 27. oktober.
Folkedanskveld i Oseana
Os Spelemannslag, Spelemannslaget Fjellbekken og visegruppa Konvaljen spelar til dans i kulturhuset Oseana på Os laurdag 13. oktober.
Folkemusikk og eksperimentell musikk – er begge delar samtidsmusikk?
Onsdag 3. oktober foreinar folkemusikk- og samtidsmusikkmiljøet krefter og diskar opp med ein spennande aften i Gimle i Bergen. Her får ein servert musikk frå dyktige og utforskande utøvarar og interessante diskusjonar kring tradisjon og eksperimentering i musikken.
Stordanskveld
Stordanskveld på Schøtstuene i Bergen 29. september. Ein heilaften med dans til gamle songar om store kråker, unge møyar, riddarar og stormfulle reiser!